Det er krevjande å vere optimist.

Det er vanskeleg å vere optimist. Sommarferien er vertfall heilt over for min del. Og for dei fleste andre er den nok òg på hell no. Som vanleg flaug sommarferien som ein vind, og kvardagen innhenta meg med eit brak.

Bilde frå Siggjo på Bømlo

Kven har ansvaret for at du skal ha ein god dag på jobb? Eller heime, viss du er det? Er det sjefen din? Dei du jobbar saman med?

Har sjefen (eller mamma) ansvaret?

No er det slik for dei fleste av oss, at me har mykje meir jobb enn me har ferie, heldigvis. Hadde nok vorte kjedeleg med for mykje ferie òg. Men iallefall, me tilbringer ganske stor del av livet vårt på jobb. Og sidan dette er ein so viktig ting – bør me trivast med det me gjer på.

Eg spør ungane som eg har på kurs (Sjå www.diameta.no) Kven har ansvaret for at du skal ha ein god dag? Dei fleste svarar mamma, noko eg då lærer dei at det ikkje er. På samme måte kan eg spørje deg; Kven har ansvaret for at du skal ha ein god dag på jobb? Eller heime, viss du er det? Er det sjefen din? Dei du jobbar saman med? Kven har størst påvirking på dagen din?

Jepp, det er DU! Det er du som kan bestemme korleis du skal ha det, korleis dagen din skal vere, korleis du skal takle sitronane dine. Det finst ikkje kjedelege arbeidsoppgåver – berre kjedelege måtar å utføre dei på. Viss du fokuserer på det du tykkjer er positivt, leitar hjernen din etter det positive, det du er fornøygd med. Dersom du tenkjer på det du tykkjer er kjedeleg, får du ein seig dag på jobb, med berre negative ting.

Bilde frå Togga i Sogndalsdalen.

Lag ein god dag!

Ein annan ting eg lærer ungane på kurs er kor mykje lettare det er å lære ting viss du har ein god dag. Viss du har ein skala frå 1-10, der 10 sjølvsagt er topp. Viss dagen din er på 10, lærer du nye ting nesten med ein gong, viss dagen din er på 6 treng du mange, mange fleire repitisjonar. Eg lærer dei sjølvsagt også korleis dei skal komme seg høgare opp på følelses-skalaen, dersom dei har ein dårleg dag. Slik trur eg det er med oss vaksne òg. Viss me føler oss trygge på arbeidsplassen og har ein god dag, er det mykje lettare å gå ut av komfortsona og prøve seg på nye ting.

Eit evig mas.

Sjølvsagt kan det vere ytre faktorar som gjer at det er vanskeleg å vere positiv. Men det er ikkje der hovudvekta ligg. 8-12 timar kvar dag, er du i samtale med deg sjølv. Du tenkjer 60000-70000 tankar kvar einaste dag, og opptil 80 % av tankane dine er dei samme som du tenkte i går. Det er krevjande å vere optimist, det er mykje enklare å falle ned i den negative fallgruva. Viss du skal snu til ein meir positiv tankegang, krev det mykje jobbing, du må legge merke til tankane dine og velgje å tenkje andre tankar.

Eg ønskjer deg ein positiv og optimistisk dag. Likar du orda mine, så del gjerne bloggen vidare. Og før du legg deg i kveld, tenk på tre ting akkurat du er takknemleg for akkurat i dag.

Klem,

Gudrun <3

Livet mitt er fullt av grusomme hendelsar

…men dei fleste har ikkje skjedd.

Kvifor er det slik at me bekymrar oss for alt mogeleg heile tida? Som her ein dag, eg hadde inni hovudet mitt avbestilt konfirmasjonen og ein barnebursdag, fordi mannen min var død.

Han var ikkje død på ordentleg, men eg trudde at han var det. Han var 1 1/2 time for sein heim frå jobb, og han tok ikkje telefonen når eg ringde. Så ringde han oppatt, etter at eg hadde ringt ca 37 gonger. På spørsmål kva han dreiv på med, svara han som om det var sjølvsagt; «Eg legg stein med Anders.» «Når sa du i frå om det?» sa eg, vel vitande om at han ikkje hadde nemt eit ord.

Men det som er endå rarare, og likevel ganske normalt; Eg vart sint! Han hadde stått opp frå dei døde, og eg vart rasande. Burde eg ikkje heller vorte glad? Eg planlegg jo alderdommen saman med den soppen og var jo glad for at han ikkje var død denne gongen heller.

Saken med bekymring då, er at viss det virkeleg skjer, så får eg det ikkje lettare fordi, det er ikkje slik at; «Flaks, dette er jo akkurat det eg har førebudd meg på!» Sjokket hadde ikkje vorte mindre, sorga hadde ikkje vorte lettare. Tida eg brukar på å sjå føre meg det verste, er rett og slett ganske bortkasta.

Viss du brukar tida di på å frykte ting som kan skje, får du det ganske trist. Eg hadde to grandtanter som budde langt frå meg, dei budde begge på omsorgsbustadar, ved sidan av kvarandre. Me reiste innom på besøk. Ho eine såg veldig mørkt på alt, mens ho andre var eit fyrverkeri, som ville komme og besøke oss, ei reise på 8-8 timar viss trafikken var fin, og ho hadde hatt førarkort. Fyrverkeriet var nok dårlegare enn ho andre, men eg trur likevel ho hadde det bedre. Ho såg positivt på det, lo og fleipa, mens ho andre bekymra seg for alt og alle.

Du kan bestemme det sjølv! Når du legg merke til dei bekymrande tankane, stopp og kast dei i boset. Du treng dei ikkje. Eg tenkte på det, når eg «avlyste» konfirmasjonen inni meg, «No er du teit!» Men så vert det rart likevel.

Du er kanskje på ein mørk plass, men ser du lyset der oppe? Du treng ikkje dei bekymrande tankane dine. Ønskjer deg solskinnsdagar!

(Bildet er teke i ei Gullgruve <3 Eg fann ikkje gull, men det var ganske fint likevel.)

Del gjerne vidare, sjølv om eg no begynte å bekymre meg for at du tykkjer eg ser for enkelt på ting.

Klem

Gudrun

Den viktigaste å smile til

Eg skreiv om smil tidlegare i ein post. No vil eg snakke litt om kven som er den viktigaste å smile til, kven som fortjener smilet ditt mest.

Kven treng smilet ditt aller mest? Viss du har ungar, svarer du kanskje ungane dine? Viss du er ungdom, tenkjer du kanskje at vennene dine er dei viktigaste å smile til? Nokon som slit? Dama i butikken? Kjæresten? Katten?

Mange gode forslag, men den som er viktigast at du smiler til er den du ser i spegelen – deg sjølv!

Det er akkurat som dei oksygenmaskene på flyet, veit du. Du må hjelpe deg sjølv først, før du kan hjelpe andre. Viss du ikkje tykkjer du sjølv er verdt å smile til, så er det det du viser til andre og. Du vert ein bedre forelder, kjærest, kunde i butikken, medmenneske viss du viser deg sjølv litt kjærleik først, smil til speglbildet ditt om morgonen, sei «Hei! Eg er glad i deg! Du er god nok slik som du er!» Som eg skreiv i posten om sjølvfølelse og sjølvtillit, så kan du ikkje ha for mykje god sjølvfølelse, di bedre sjølvfølelsen din er, di bedre er du å vere saman med.

Dette er noko eg må jobbe med sjølv, heile tida. Det er ikkje slik at når eg først har lært det, så kan eg det, slik som med sykling. Dette er som med styrketrening, eg må trene heile tida, for at sjølvfølelsen skal vere sterk og god.

Eg prøver å smile meir til mannen min og ungane våre og altså. Akkurat no smiler eg kanskje litt mindre til alle, for eldste jenta skal snart konfirmerast, og eg er ikkje særleg god å vere saman med når eg stressar…

Men; eg er god nok slik som eg er, eg er nok ikkje perfekt, kven er vel det?

Men god nok, det er eg ❤️

Det er du og.

Kjenner du nokon som treng smile meir til speglbildet sitt? Del vidare innlegget.

Klem

Gudrun

 

 

Smil – det enklaste å gi og beste å få

«Gudrun elskar meg, for ho smiler til meg kvar gong ho ser meg.»

Dette utsagnet frå ei fire år gammal jente, brende seg fast i sinnet mitt. Tenk at eit blikk og eit smil kan bety so mykje. At det at eg held augene fast og smiler til ein unge, gir ungen følelsen av å vere elska. Så enkelt og så viktig.

Tenk så godt for ein firåring, eller 41 åring, å kjenne seg elska i barnehagen. Og alt som trengst er augekontakt og eit hjarteleg smil. Anerkjennelse. Å verte sett i kvardagen.

 

Gudrun elskar meg.

Smil er eit grunnlaggjande følelsesuttrykk. Og vennlegheiten sitt verdensspråk. Tenk deg desse to casane;

Har du møtt folk på butikken, som ser på deg, og lyser opp i eit levande smil? Korleis kjenner du deg då? Eg vert glad, kjenner meg betydningsfull. Øyj, ho vart glad for å sjå meg. Tenk at eit smil betyr så mykje, det kan lyse opp ein dag som har vore ganske grå.

Kva med folk som ser på deg, seier hei, med eit surt og reservert smil? Kva tenkjer du då? Eg tenkjer automatisk; Kvifor hatar du meg? Kva har eg gjort deg? Er ikkje det rart? Eg tek det liksom til meg og skuldar meg sjølv fordi andre smiler litt rart til meg? Det handlar jo sikkert ikkje om meg i det heile teke. Korleis er det med deg, tenkjer du òg slik? Eg jobbar med å «knipse» det av meg. Knipsing er eit verktøy eg lærte meg for mange år sidan. Viss noko plagar deg, «set» det på skuldra di og knips det bak deg.

Men tilbake til dagens agenda; Smil 🙂 

Eg las ein artikkel i «Utdanning»(fagforreningsbladet til Utdanningsforbundet), der ein gut fortalte om ei vanskeleg oppvekst, med særleg utfordrande helgar. Ofte var det tanken på læraren sitt smil på måndag som hjalp han gjennom helga. Læraren vart spurt om det i ettertid, og svara at han ikkje var klar over at han smilte, og at han ikkje eingong var kontaktlæraren til guten.

Læraren hadde altså med ubevisste smil måndagsmorgonane, gitt guten uvurdereleg hjelp gjennom ein vanskeleg barndom.

Ganske mektig å tenkje på, tykkjer eg, at du heilt ubevisst kan bety so mykje for nokon. At smilet nesten betyr forskjell på liv og død.

Verda ville bli ein bedre plass viss me smilte oftare og klemte litt lenger.

Det er veldig enkelt å gi nokon eit smil – så gjer det <3

Klem – og smil – frå Gudrun