Kvardagsgledar – ein som spreier glede.

I dag møtte eg ein kvardagsgledar.

Eg gjekk inn i helga ganske utslitt etter to vakter på 17,5 time med 6,5 time mellom, dvs to kveldsvakter og to nattevakter på to dagar. Eg kom heim rundt kl 10 i dag tidleg, gjekk rett i dusjen og så til sengs. Der vart eg i tre timar. Stod opp, krasja framfor tv’en med kaffikoppen ein time før gutane kom frå skulen. Så samla eg alle kreftene eg hadde for å komme meg på trening.

Eg har tae kwondo-trening to gonger i veka, og fredagstreninga krasjar ofte med jobb eller lat-marken, viss eg har hatt 35 timars vakt, slik som i dag.

Vel, vel, eg parkerte bilen eit lite stykke frå treningshallen, og på veg opp til trening møtte eg altså denne kvardagsgledaren.

Så enkelt og så virkningsfullt.

På vegen opp møtte eg ei mamma, ein storebror og ein veslebror. Eg kjenner dei, og helste og slo av ein liten prat. Veslebroren åt på ein kvikk lunsj, og eg sa at «Du er jammen heldig!» Så tek mammaen, kvardagsgledaren, fram ein Kvikk lunsj til meg òg. «Ver så god! Og kos deg, det er jo helg!» sa ho.

Og eg reiste vidare på trening med eit smil om munnen og glede i hjarta.

Eg har noko å lære.

Det er jo så enkelt å spreie glede, og det er jo så lite som skal til. Det er ikkje sikkert at kvardagsgledaren min tenkte noko over det eingong. Ho hadde kjøpt mange sjokoladar, og ville dele, sidan eg kommenterte det til minste guten. Men for meg var det eit lyspunkt.

Hugsar du på dette? Eg mistenkter at det er ein refleks for mammaen eg møtte i dag, at det liksom ligg i ryggmargen hennar, ho er ein kvardagsgledar heile tida. Eg veit at eg er god på å gi folk eit smil, og veit at det også kan vere med å løfte dagen til mottakaren, men å gi ein sjokolade til nokon eg går forbi pleier eg ikkje å gjere.

Eg har skrive om å løfte dagen for andre tidlegare. Les gjerne det òg.

Å løfte dagen.

La oss gå saman og gjere verden til ein snillare plass <3 Bli ein kvardagsgledar du òg.

Klem,
Gudrun.

Facebook Comments Box

Mestringsfølelse – når du går ut av komfortsona

Likar du å utfordre deg sjølv? Gjere noko sjølv om det kriblar i magen? Gi deg sjølv mestringsfølelse.

Eg likar det! Eg hoppar på nye, skumle ting heile tida, eg trivst med å prøve halvskumle ting. Men i helga, då var eg kjempe tøff! Då utfordra eg meg på områder der eg helst gjer minst mulig, eg prøvde heilskumle ting.

Heilskummelt…

Saken er at eg likar egentleg ikkje å køyre bil. Kan eg sleppe, så gjer eg helst det. Og eg vil i allefall ikkje køyre andre bilar enn den bilen eg akkurat for augneblinken er vant med. Vel, i helga skulle eg på jobb, bilen min er ein stor, tung firhjulstrekkar, som brukar sin del av drivstoff, og i helga skulle eg pendle att og fram fleire gonger, så det vart mange mil tilsaman. Og så har me kjøpt ein ny bil, tohjulstrekkar, liten og lett, brukar nesten ikkje dielsel i det heile. Og tøffe meg, tok NYE bilen, sjølv om eg skulle køyre Dalavegen og det var vinterføre. Og veit du, det gjekk heilt fint. Ikkje var det vanskeleg med to-hjulstrekkar, gjekk fint å køyre manualgir, sjølv om eg er vant med automat, det var faktisk ein heilt anna bil, eit heilt anna merke, enn noko eg har køyrt før. Og eg greidde det! Som om ikkje det var nok, så køyrde eg òg ein ny bil på jobb, endå eit nytt merke, med eit heilt anna giringssystem enn eg er vant med. Og det gjekk heilt smertefritt.

Rare greier, dette er ting som eg kan grue meg skikkeleg til. Berre for å oppdage at det går som smurt.

Korleis er det med deg?

Og….eg trur ikkje det er berre eg som har det slik. Brukar tid og krefter på å grue meg til noko, nesten miste nattesøvn (eller i mitt tilfelle; miste nattesøvn), berre for å finne ut at «Dette var ikkje noko å grue seg til!»

Det er godt å kjenne på mestringsfølelse etter at du har gjennomført noko du har grua deg til. Eg kjenner ofte også på irritasjon; kvifor kvidde eg meg til dette her?

Tilbake til bilhistorien min. Det var den første bilen som var bøygen, det var der eg utfordra meg sjølv, men viss eg hadde teke min vanlege bil, hadde eg ikkje tørt å sette meg på førarsida i jobb-bilen heller. Så eg takla jobb-bilen fordi eg hadde tørt å køyre nye bilen.

Kva treng du å utfordre deg sjølv på? Tørr du gjere det? Skriv gjerne ein kommentar <3

Klem, Gudrun.

Facebook Comments Box

Du treng ikkje irritere deg.

Det vert skrive mykje rart, i kommentarfelt, i statusar, over alt. Kan godt vere at du kjenner blodet pumpe når du les det, MEN her skal du få eit super tips for å gjere din dag bedre, og for å unngå å forsure andre sin dag med ditt dårlege humør;

Ignorer det!!

Det er absolutt ingen som seier at du MÅ informere den som irriterer deg om det. Du får ikkje nokon bedre dag, og den du seier det til, får ein mykje dårlegare dag enn han hadde i utgangspunktet.

Men saken med oss menneske, er at me bestemmer sjølv kva me vil tenkje på, viss me vert bevisst kva me brukar tankane våre på. Viss eg les, eller høyrer, noko som irriterer meg, så bestemmer eg sjølv om eg skal bruke tid og krefter på å tenkje på det.

Det er enkelt!

På sosiale medier er det faktisk veldig enkelt å ignorere det som irriterer deg. Du kan gjere to ting;

anten lukke augene eller skrolle vidare.

Du treng ikkje lese det du ikkje vil.

Det er heilt klart litt vanskelegare i det virkelege liv, det ser litt teit ut viss du held deg for øyrene og let att augene, men det er unekteleg effektivt. (Men det gjer ikkje dagen til den du snakkar saman med noko særleg mykje bedre…) Men sjølv om du høyrer noko som irriterer deg, så velgjer du sjølv korleis du vil reagere, det er kun du som bestemmer kva du skal tenkje og føle.

Paraply eller vindauga.

Eit verktøy viss du merkar at nokon vil senede deg noko negativt, er å sette opp vindauga eller slå opp paraplyen, slik at orda ikkje treffer deg. Du må jo ikkje ta i mot. Med eit vindauga eller ein paraply, så perler det berre av deg, anten sprett det tilbake på avsendaren, eller så renn det ut på bakken.

Paraplyen og vindauga er sjølvsagt berre mentalt, og orda er mentale vassdråpar. Dette er verktøy du kan bruke for å auke og ta vare på sjølvfølelsen din, viss du vil lære fleire teknikkar, så kan du gå inn på diameta.no og sjå om det går noko kurs i nærleiken av deg.

Øvelse gjer meistar.

Eg jobbar jo i eit typisk kvinneyrke, der det skjer ein del, eg vil ikkje kalle det kvinneting, men ting som skjer på kjønnsdelte arbeidsplassar. Men eg tek det ikkje til meg. Eg tenkjer; Jaja, det er ditt boss, eg treng absolutt ikkje ta til meg din drit. Det er veldig befriande å sleppe å tenkje for mykje på tilbakemeldingar som kjem flygande i hytt og pine. Sjølvsagt skal det vere rom for å gi folk tilbakemeldingar som kan gjere dei bedre, men eg trur fullt og fast på at det er enklare å gjere ting bedre, viss du får vite kva det er du gjer bra, ikkje berre kva du kan bli bedre på.

Kva meiner du? Høyres det fornuftig ut? Del gjerne posten vidare. <3 Saman gjer me verda bedre!

klem

  • Gudrun

 

Facebook Comments Box

Å løfte dagen.

Innlegget her handlar om å løfte dagen til nokon andre. La meg fortelje deg ein historie om å løfte. Eg var ein tur på puben for eit par veker sidan. Sidan eg bur på ein liten plass, er det berre ein pub, derav navnet puben. Me var ein heil liten gjeng, der eg nok var den eldste faktisk, men alle var nærmare 40 enn 30, eller over 40, som meg. Men eg berre nevner i forbifarten at eg var den einaste som måtte vise bevis, for sjølv om det var kjekt, var det ikkje det som løfta dagen.

God-følelsen.

Dagen, eller natta då, egentleg, vart løfta i døkøem. Tenk å løfte nokon sin dag i dokøen!? To heilt ukjente jenter, sikkert ikkje eldre enn 25, kom bort og sa at eg hadde på meg ein fin kjole, og at eg kledde lilla kjempe godt. Ho eine gav meg faktisk ein klem. Ho gjekk bort til ei heilt framand dame og sa at ho var fin. Det gav meg god-følelse!

Så lite som skal til for å gi nokon eit positivt løft, å løfte dagen. Gi nokon eit komplement, eller sjå nokon inn i augene og smil. Halde døra for nokon, seie kva du likar med vedkommande.

Kvifor gjer me ikkje det oftare? Løfter dagen for andre? Eg prøvde ein heilt ny jobb her om dagen, ho eg jobba saman med, sa det hadde gått bra. Sjølv følte eg jo, sjølvsagt, som alltid når du gjer noko du ikkje kan, at det gjekk så som så, så gav det meg god-følelse, å høyre frå ho som hadde meir erfaring enn meg, at det hadde gått bra, eg hadde gjort ein god innsats.

Det er så lite som skal til.

Med mine dømer, så ser du jo at det er så lite som skal til. Det kostar så lite for deg å løfte dagen for nokon andre. Av og til skal det berre ein positiv kommentar på facebook til. Som når eg kommenterte på innlegget til ei venninne, som også er naboen min. Facebook ville flytte ho til eit heilt anna fylke, og eg kommenterte at eg var glad ho budde nær meg, så svara ho at ho var glad eg budde nær ho òg. Og eg vart glad <3

Bestemor kan det!

Me er så opptekne av å gi folk tilbakemelding for å gjere dei bedre, også kalla konstruktiv kritikk, men kvifor ikkje fortelje folk kva me allerede likar at dei gjer, kva dei er gode på? Då veit dei iallefall kva dei kan gjere meir av. Viss du fortel kva dei ikkje gjer bra, veit dei berre kva dei ikkje må gjere meir av, men dei veit ikkje kva du vil dei skal gjere.

Bestemos lov; Ta nokon på fersken i å gjere ein god gjerning.

Kanskje må det ei bestemor til? For å sjå kva du gjer bra? Kva du er god på? «Bestao kjenner meg!» sa minsten her i kveld. Kanskje me skal prøve å vere litt meir bestemødre alle saman? Finne, og seie, kva folk er gode på?

Er du enig med meg? Del med andre då vel <3 Saman gjer me verda bedre <3

Klem,

Gudrun.

Nametest foreslo at eg skulle bli fotomodell, sjølv så lite løfter dagen for ei slita kjerring på 42 år 😉

Facebook Comments Box

For ei skravlebøtte!

Eg gjekk meg ein fjelltur i dag, kort, grei tur, 45 min opp til toppen. Gledde meg til ei roleg stund med meg sjølv og naturen. Men den gang ei, det var eit slikt modd at eg nesten vart galen. Me var innom jobb, blogging, problem med ungane, sauer, økonomi, kosthald, ja, du anar ikkje alle dei forskjellege tema me rakk innom på denne vesle stunda.

Det var berre denne dama som var på tur…

Innvendig skravlebøtte

Og saken er at eg gjekk åleine, med mitt eige skravl innvending. Tankekverna gjekk heile tida, slik det er for dei fleste av oss. Me er i samtale med oss sjølv 8-12 timar kvar dag, og me tenkjer 60000-70000 tankar kvar dag.

Og slett ikkje alt er like konstruktivt.

Tankane er mykje ubevisste, me veit ikkje at me tenkjer dei ein gong, dei berre går der, ofte på repeat. Så mykje som 80% av tankane du tenkjer i dag, er dei samme som du tenkte i går. Viss du tenkjer mykje negativt, så kan opp til 80 % av tankane dine vere negative.

RAS – rektikulært aktiveringssystem

Eg driv og lærer meg nye ting, i forrige veke lærte eg om rektikulært aktiveringssystem. Rekti-keførnåke? Det rektikulære aktiveringssystemet er eit filter i hjernen din, som bestemmer kva du «ser», det gir deg meir av det som er viktig for deg. Så ver veldig forsiktig med kva du fokuserer på, for RAS vil bevise at du har rett. Set ditt RAS til å leite etter det som er positivt! Eit døme på RAS er viss du kjøper deg ein ny bil, så plutseleg oppdagar du at «alle» andre også køyrer slik bil, eller viss du er gravid, så popper det opp gravide og babyar over alt, mens eg, som er over det stadiet, knapt har sett ei gravid dame dei siste sju åra. Du får så mange sanseinntrykk heile tida, at hjernen din må filtrere, du klarar ikkje å ta inn all informasjonen. Set på eit positivt filter!

Korleis du føler deg gir deg ein peikepinn.

Det er ikkje så enkelt å vite om du tenkjer positivt eller negativt, viss du ikkje «høyrer» etter. Men ein sterk indikasjon er korleis du føler deg. Viss du føler deg nedfor og lei, så tenkjer du negativt, viss du føler deg oppstemt og glad, har du positive tankar.

Livet er for kjipt – aha.

Av og til har du det rævva. Kva positivt kan du tenkje då, liksom? Ja, då er det litt tyngre å finne gleda, men begyn med små steg, finn glede i dei små tinga. Takk for at du har mat. Og endå bedre, skryt over deg sjølv når du gjer noko positivt. Kanskje du sette på ei klemaskin, kanskje du smilte til nokon på bussen, kanskje du klarde å slå av tv’en, eller dataen. Ikkje trykk deg sjølv ned over det du ikkje fekk til, gi deg sjølv litt skryt for det du faktisk gjorde.

Bli med på fjellturen min.

Men altså, tilbake til min fantastiske fjelltur, i fantastisk natur, med fantastisk selskap, kun meg sjølv og nokre sauer. Er ikkje dette flott? Og eg har det minuttar unna stovedøra. Life is good.

            

           

           

 

Eg blir kjempe glad for delingar, og tek gjerne ein diskusjon i kommentarfeltet <3

Klem,

Gudrun

Facebook Comments Box

Foreldra må verte strengare og ikkje tollerere mobbing!

Mobbing – nokon ingen ønskjer. Men korleis skal ein få bukt med det? Kva fungerer som vaksine mot mobbing?

Det du fokuserer på, får du meir av.

Me høyrer ofte at det er foreldra sin feil, det er lærarane sin feil, straffene må verte strengare, det må sanksjonar til.

Men; vil me at ungane skal late vere å mobbe ut av frykt og redsle? Er det fordi dei skal vere redd for konsekvensar at dei skal late vere å mobbe? Skal me skremme dei frå å mobbe?

Er det ikkje andre ting som fungerer betre?

Eg ønskjer ikkje at mine ungar skal verte skremt frå å mobbe. Eg ønskjer at mine ungar skal vere trygge og sterke nok i seg sjølve til at dei seier nei til mobbing. Eg ønskjer å gi ungane gode verdiar, som ligg som ein grunnmur i dei, som gjer dei tøffe nok til å stå i mot. Eg ønskjer at ungane skal ha empati og styrke nok til å gripe inn mot mobbing. Eg vil at dei skal vere inkluderande, aksepterande, dugane menneske.

Korleis?

Barnehagen og småskulen jobbar mykje med sosial kompetanse. Dette er noko av det viktigaste me jobbar med. Hausten 2016 sertifiserte eg meg som Diameta-kurshaldar, noko som gjer at eg kan halde kurs for alle, frå barnehage til vaksne i korleis å få ein god sjølvfølelse. Eg er ein av over 100 kurshaldarar landet over, men ganske åleine i Sogndal. Derfor prøver eg å rekke over dei fleste aldersgruppene ein gong i halvåret. Til no har eg halde kurs for 6-9 år, for 9-13 og for vaksne.

I kurset lærer eg kursdeltakarane mange fine verktøy, som dei kan legge i si usynlege verktøykasse. Verktøy dei kan hente fram når dei treng det.

Sjølvfølelse er ikkje noko du anten har masse eller lite av. Sjølvfølelse er som ein muskel, som du må trene, akkurat som andre musklar. Viss du har dårleg sjølvfølelse akkurat no, er det ikkje slik at du nødvendigvis kjem til å ha det resten av livet.

Du kan lære deg korleis du skal styrke sjølvfølelsen.

Men du må gjere det sjølv.

Du må ta eigarskap, hoppe ut av offerrollen, ta ansvaret sjølv. Og det er DU som må ta i bruk verktøya, dei fungerer ikkje ubrukt i verktøykassa di.

Ungane må få lære seg verktøy og måtar å trene og oppretthalde ein god sjølvfølelse på, på samme måte som foreldra må gå føre med eit godt eksempel.

Dette skal foreldra gjere.

For å få bukt med mobbing og førebygge at ungane våre skal verte mobbarar, eller offer, må me styrke og oppretthalde eigen og ungane sin sjølvfølelse.

Har du eit tips til korleis du jobbar med din eigen sjølvfølelse? Eller korleis du styrker barna sin sjølvfølelse? Legg igjen ein kommentar. Viss du kjenner andre som treng lese dette, del gjerne vidare.

Klem,

Gudrun.

Facebook Comments Box

Det er krevjande å vere optimist.

Det er vanskeleg å vere optimist. Sommarferien er vertfall heilt over for min del. Og for dei fleste andre er den nok òg på hell no. Som vanleg flaug sommarferien som ein vind, og kvardagen innhenta meg med eit brak.

Bilde frå Siggjo på Bømlo

Kven har ansvaret for at du skal ha ein god dag på jobb? Eller heime, viss du er det? Er det sjefen din? Dei du jobbar saman med?

Har sjefen (eller mamma) ansvaret?

No er det slik for dei fleste av oss, at me har mykje meir jobb enn me har ferie, heldigvis. Hadde nok vorte kjedeleg med for mykje ferie òg. Men iallefall, me tilbringer ganske stor del av livet vårt på jobb. Og sidan dette er ein so viktig ting – bør me trivast med det me gjer på.

Eg spør ungane som eg har på kurs (Sjå www.diameta.no) Kven har ansvaret for at du skal ha ein god dag? Dei fleste svarar mamma, noko eg då lærer dei at det ikkje er. På samme måte kan eg spørje deg; Kven har ansvaret for at du skal ha ein god dag på jobb? Eller heime, viss du er det? Er det sjefen din? Dei du jobbar saman med? Kven har størst påvirking på dagen din?

Jepp, det er DU! Det er du som kan bestemme korleis du skal ha det, korleis dagen din skal vere, korleis du skal takle sitronane dine. Det finst ikkje kjedelege arbeidsoppgåver – berre kjedelege måtar å utføre dei på. Viss du fokuserer på det du tykkjer er positivt, leitar hjernen din etter det positive, det du er fornøygd med. Dersom du tenkjer på det du tykkjer er kjedeleg, får du ein seig dag på jobb, med berre negative ting.

Bilde frå Togga i Sogndalsdalen.

Lag ein god dag!

Ein annan ting eg lærer ungane på kurs er kor mykje lettare det er å lære ting viss du har ein god dag. Viss du har ein skala frå 1-10, der 10 sjølvsagt er topp. Viss dagen din er på 10, lærer du nye ting nesten med ein gong, viss dagen din er på 6 treng du mange, mange fleire repitisjonar. Eg lærer dei sjølvsagt også korleis dei skal komme seg høgare opp på følelses-skalaen, dersom dei har ein dårleg dag. Slik trur eg det er med oss vaksne òg. Viss me føler oss trygge på arbeidsplassen og har ein god dag, er det mykje lettare å gå ut av komfortsona og prøve seg på nye ting.

Eit evig mas.

Sjølvsagt kan det vere ytre faktorar som gjer at det er vanskeleg å vere positiv. Men det er ikkje der hovudvekta ligg. 8-12 timar kvar dag, er du i samtale med deg sjølv. Du tenkjer 60000-70000 tankar kvar einaste dag, og opptil 80 % av tankane dine er dei samme som du tenkte i går. Det er krevjande å vere optimist, det er mykje enklare å falle ned i den negative fallgruva. Viss du skal snu til ein meir positiv tankegang, krev det mykje jobbing, du må legge merke til tankane dine og velgje å tenkje andre tankar.

Eg ønskjer deg ein positiv og optimistisk dag. Likar du orda mine, så del gjerne bloggen vidare. Og før du legg deg i kveld, tenk på tre ting akkurat du er takknemleg for akkurat i dag.

Klem,

Gudrun <3

Facebook Comments Box

Dei blir sjefen din..

Eg gir ungane mine 1000 kr for kvar 6’ar, skriv bloggaren Annebrith, kvar sommar, og skapar debatt om pengar for karakterar kvar sommar.

Eg let meg òg provosere, kvar gong. I min ungeflokk, har me både skuleflinke og meir praktiske ungar. Det hadde vore kjempe urettferdig dersom eg skulle ha betalt ungane for gode karakterar, og kva betyr egentleg ein god karakter? Viss den ikkje kan brukast til noko?

Set deg fremst og følg med i timane.

Eg har vore på to føredrag med Eddi Eidsvåg i Pøbelprosjektet. Faren hans sa til han: «Set deg framme og følg med i timane, men hald deg inne med dei på bakerste rad, for dei vert sjefen din.» Eddi ville sjølvsagt heller verte sjef, så han sette seg bakerst.

Men eg har tenkt litt over dette. Det er dei som sat bakerst som driv som sjølvstendig næringsdrivande, det er dei som er sjefar, som får ting til å skje, som tørr satse. Eg reknar med dette gjeld alle plassar, ikkje berre i Sogndal?

Kvifor skal eg heie fram og belønne berre gode karakterar og flinke teoretikarar? Den praktiske kunnskapen, den logiske sansen, det sunne bondevitet er vel like mykje verdt?

Eg meiner jo sjølvsagt at ungane mine skal følgje med i timane og gjere sitt beste på skulen, men ungen min er ikkje mindre verd sjølv om han har utfordringar på skulen, og sikkert ikkje kan få ein 6’ar uansett kor mykje han hadde jobba.

Me treng alle.

Norge stoppar heilt opp dersom alle skal vere flinke på skulen. Me skviser ut mange gode praktikarar med å innføre eksamen og kurs for alt, uansett kva dei jobbar med. Me treng dei som ser eigne løysingar, som klarer å ordne ting, som får ting gjort.

Kvifor treng me kurs eller eksamen uansett kva me skal drive med? I praktiske yrkjer, treng dei praktisk kunnskap, ikkje teori som tek heilt luven frå dei. Dei som ikkje er skapte for skulebenken, som gruer seg for å sitte i ro ein dag på kurs.

God nok som den du er.

Det viktigaste eg kan lære ungane mine, er at dei er gode nok slik som dei er. Ikkje at dei berre er gode nok viss dei presterer ein 6’ar på skulen. Ungdomane no til dags har nok press frå alle kantar, dei treng lære å vere sin eigen bestevenn, sin eigen heiagjeng. Og lære at så lenge dei gjer sitt beste, så er det godt nok. Og dei treng lære å ta gode val og lytte til sine verdiar.

Lønn for å jobbe.

Ungane våre får forresten lønn for å jobbe, ikkje for gode karakterar, akkurat slik som i det virkelege liv. Det kan vere vanleg husarbeid, måling, snekring eller andre ting, men ikkje for å få gode karakterar på skulen. Det er ingen som lønner deg for gode karakterar i det virkelege liv heller.

Ja ja.

Kan godt hende dette er eit litt forhasta innlegg, som får sinnet i kok hjå deg, men eg prøver å poste det likevel. Du må gjerne komme med din meining, sjølv om du ikkje tenkjer slik som meg. Men eg håpar du er grei, sjølv om eg har jobba så mykje med sjølvfølelsen min at eg antakeleg tåler det uansett.

Del gjerne vidare.

 

Klem frå

-Gudrun-

Facebook Comments Box

Førtiårskrisa

Førtiårskrisa – eller 42 års krisa, du innser at du ikkje er Forever Young, du er faktisk vorten vaksen, er slett ingen ungdom meir.

Men alternativet hadde så klart vore verre. I dag fyller eg altså 42 år, korleis har eg brukt desse åra?

Det har vore oppturar og nedturar. Td. skulegangen min. Eg starta med tre år i ein klasse med sju elevar. Eg var munntleg i timane, svara så mange gonger at læraren sa «er det nokon andre enn Gudrun som kan svaret?» I fjerdeklasse kom me inn i eit mykje tøffare klassemiljø. Eg kunne fortsatt svara, men eg slutta å svare. Viss eg vart spurt, kviskra eg fram svara.

Etter endt vidaregåande, skulle eg finne ut kva eg ville gjere resten av livet. Og eg søkte på Barnevernspedagog som første val. Det hadde eg ikkje gode nok karakterar til å komme inn på, men heldigvis kom eg inn på førskulelærarstudiet, som nok sikkert passa meg mykje betre.

Og no har eg jobba i barnehage i 20 år. Imponerande. Tenk 20 år med landet sin viktigaste ressurs! <3

Eg er veldig impulsiv, så eg hoppar på og prøver nye ting. Eg har vore innom diverse homeparty-firma, alt frå klær til leiker til innvendig og utvendig pleie.

Av vidareutdanningar har eg 30 stp med ikt i arbeid med små barn og 15 stp i rettleiing.

No i eit halvt år har eg i tillegg til jobben som ped.leiar i barnehage, jobba som kurshaldar for Diameta. Eg brukte ei stund på å bestemme meg for å gå for dette, sikkert eit år. Eg angrar ikkje. Utruleg flott å halde kurs for barn, og etterkvart vaksne. Å gi barna gode verktøy som dei kan bruke resten av livet, for å gi dei trua på seg sjølv, gi dei ansvaret for korleis dei har det, lære dei at dei er gode nok slik som dei er. Det er ein skikkeleg boost og energiinnsprøyting å halde kurs, og ungane er så gode og gir så fine tilbakemeldingar.

Gubbis har eg vore saman med i meir enn halve livet, me vart saman som 19 åringar, og har enda opp med tre avleggjarar. Visst kan det vere tjo og hei i heimen, men alt i alt har me det ganske bra saman. I dag fekk eg den finaste presangen eg nokon gong har fått, i form av eit kort brev frå tenårings jenta mi. Tårene rant. Fint for mammaen å få <3 Veldig koseleg at ho òg legg ut alle dei teite snap chat bilda eg har sendt ho i løpet av året 😉 Godt eg ikkje er særleg sjølvhøgtidleg.

Men vertfall! Gratulera meg sjølv med dagen, har vorte skikkeleg feira med brask og bram, fane, flagg og tog i barnehagen og koseleg familiebesøk i heimen.

Livet er godt, og eg er god nok akkurat slik som eg er!

Klem,

Gudrun

 

Facebook Comments Box