Verktøy – skrive dagbok

Eg har skrive dagbok kvar dag i heile 2020, dvs at eg har skrive kvar dag i 65 dagar. Eg starta året med ein «60 day challenge», der ein av grunnpilarene i utfordringa var å skrive dagbok, eller journaling.

Eg trudde eg kjende meg sjølv til eg begynte å skrive dagbok.

Eg skriv ikkje dagbok av typen evaluering av dagen i dag-dagbok. Eg startar dagen med å stille spørsmål som eg svarer på. Og eg har gravd og eg har gravd. Og lært utruleg mykje om meg sjølv desse månadane.

Med journaling lærer du kven du er og kven du vil vere.

Korleis du har det - er ditt ansvar.
Korleis du har det, er ditt ansvar.

Døme på spørsmål

  • Kva ønskjer eg – t.d. i familien min, på bankkontoen min, med helsa mi osv…
  • Korleis feiler eg vanlegvis? Måla mine.
  • Korleis kan eg gjere dette enklare for meg sjølv?
  • Kva gjer meg forbanna? Kvifor?
  • Kva gjer meg krenka? Kvifor?
  • Kva er mine sanningar? Kvifor?
  • Kva gjer deg sint? Kvifor?
  • Kva gjer deg glad? Kvifor?
  • Kva gjer deg lei deg? Kvifor?
  • Korleis ser min perfekte dag ut?

Hjernen – din eigen google

Spørsmål er måten å få svar på, hjernen din vil svare på spørsmåla for å «redde» deg, sleppe å tenkje på det, bekymre seg. Så når du spør, leiter hjernen etter svaret, slik at du slepp bruke meir energi på det. Hjernen likar ikkje ubesvarte spørsmål.

Grav vidare.

Ein annan ting eg har lært no i januar og februar, er at du må grave – djupt. For kvart spørsmål, går eg vidare nedover, med å spørje kvifor. Eller kven, kva, når, kor eller korleis.

T.d. for å finne mitt kvifor, så stiller eg spørsmålet; T.d. Kvifor vil eg ete sunn mat? Svarer på det, og spør; Kvifor? Svarer på det, og spør; Kvifor? Sju lag ned øver eg meg på å gå på mitt kvifor.

Eg greier ikkje alltid å svare på alle kven, kva, kvifor, når, kor eller korleis, men det er nyttige hjelpemiddel til å komme litt på djupna. Eg har vorte bevisst på mange ting frå dei mest sårbare åra, eller rettare sagt, vorte oppmerksom på kva som er dei sårbare åra, det har dukka opptatt mange episoder som har sett sine spor, sjølv om det er over 30 år sidan det skjedde.

Så små bagatellar som påvirker meg 35 år seinare.

Eit døme frå 5. klasse; Eg hugsar kva pult eg sat på i klasserommet, og at det var klasserommet mot gamleheimen, og eg hugsar kven eg sat vedsidan av. Eg hugsar kva lærar me hadde. Og eg hugsar kva som skjedde. Eg sat midt i klasserommet, det var tre rekker og me sat to og to.

Og på rekka mot vindauga starta ein lapp, ein lapp som gjekk gjennom heile klasserommet, men hoppa over våre pulter. Det var nok i siste time, for når me skulle gå til bussen, demonstrerte antakelig ho som starta lappen, kva den dreia seg om. Og eg kjente jo igjen mine eigen handlingar. Ho snakka altså ikkje til meg, det gjorde ho nemleg aldri, men ho snakka til nokon andre i klassen. Og det ho demonstrerte var at eg sat med beina i kryss og gjespa mens eg førte handa mot munnen, men med handflata og ikkje handbaken. (Om du hugsar episoden, så versågod! Du kan godt få vite at du var ei B…h på barne- og ungdomsskulen. Og at det framleis irriterer meg etter 35 år)

Ta vare på dei sårbare ungdommane våre

Eg har henta framatt fleire andre episoder, som eg ikkje skal gå nærmare inn på i dag iallfall, men har virkelig fått praktisert tilgivelse desse dagane.

Det som skremmer meg litt, er kor små ubetydelege episoder har påvirka korleis eg har det, korleis eg tenkjer. Eg har jobba med meg sjølv og eigen sjølvfølelse i mange år, og hjelper òg andre til å få gode verktøy til å jobbe med sin sjølvfølelse som kurshaldar for Diameta. Det er ganske fint, for kvar gong eg held kurs, så lærer eg noko sjølv, anten frå kursstoffet eller frå deltakarane.

For fleire postar, les her eller her.

Har du lyst til å prøve?

Når på døgnet vart me anbefalt å skrive? Vanlegvis forbinder eg dagbok med ein kveldsaktivitet, men me vart anbefalt å skrive dagbok på morgonen, før jobben og dagens aktivitetar hadde påvirka hjernen vår. Så, kvar morgon sit eg 10-20 minuttar og skriv i dagboka mi. Akkurat no fokuserer eg på korleis eg vil at livet mitt skal sjå ut, kva som er viktig for meg. Inspirert av Kurt Wallander på Netflix ønskjer eg meg no eit hus med havutsikt. Men då altså kun som feriebustad, eg er alt for knytta til Lauvhaugen min, så heimen min er her eg bur no.

Takk for at du gidd lese, kommenter gjerne, og del gjerne vidare.

Klem, Gudrun

Facebook Comments

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *