Tiggaren eg aldri gløymer

Av og til treffer du folk, kanskje berre for eit øyeblikk, som gjer usletteleg inntrykk. Eg tenkjer stadig på ein tiggar eg møtte i Kathu Heights i Puket i Thailand. Eg kjem aldri til å gløyme han. Å kalle han tiggar er ikkje rett uttrykk, han tigga aldri frå meg, men det var tydeleg at han budde på gata.

Det var i 2016, rundt påsken, at me reiste den lange vegen til Thailand. Familien frå Norge, med alle gode velferdsordningar. Visst kan du møte tiggarar og uteliggarar i Norge òg, men aldri ein slik som han eg møtte i Puket.

Han var stor, skitten, berføtt, med lange negler på tærne, såg nesten ut som klør, han hadde djupe sår på føtene. Han sat utanfor matbutikken me pleide handle på. Og han bevegde på seg når me nærma oss, for då opna døra seg før me kom bort, slik at me kunne gå rett inn.

Hjarta mitt gråt for han kvar gong eg såg han, og har grått for han i fem år.

Han såg ganske skummel ut, faktisk. Han var jo som sagt stor, nesten diger, og med klør.

Dessutan hadde han dei karakteristiske skeive augene og den store tunga som ikkje heilt får plass inni munnen, slik alle andre med Downs syndrom har.

Og det var nettopp det eg snakka om tidlegare i innlegget. Du møter aldri ein tiggar med Downs syndrom på gata i Norge, heldigvis.

Me kan irritere oss over regjeringa og styresmakter, men egentleg har me, og dei med psykisk eller fysisk utviklingshemming, det ganske godt her. Av og til gjer det godt å stikke fingeren i jorda.

Håpar du får ein fin vår <3

klem, Gudrun

Facebook Comments Box

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *