Eg var på veg heimefrå til ein time på sjukehuset, turen tek ca 1,5 timar – og har dårleg DAB-dekning, så eg sette kjapt på ein podcast. Valet fall, ganske tilfeldig, på denne, men den var akkurat den eg trengde å høyre i dag.
Det er ein podcast frå The Mindset Mentor, Rob Dial, om å bruke dei neste 90 dagane til å bli ein ny person. Ta tak i det du vil endre, og bli din beste versjon.

Det er alltid vegarbeid denne vegen, så eg hadde rekna god tid. Eg stoppa derfor på Biltema og kjøpte meg ei notatbok til å bruke på dette nye 90 dagars prosjektet. Etter me var ferdige på sjukehuset, reiste eg og bestevennen min, Lucy, på hytta, fyrde i ovnen, kvilte litt, gjekk oss ein tur, så begynte eg å skrive i den nye boka mi.

Bestevennen min, Lucy, på hytta.
Rob Dial snakkar om å bruke dei neste 90 dagane til å verte min beste versjon, om å ta ei bevisst avgjerdsle på å bruke dei neste 90 dagane på å bli denne personen. Eg må fokusere på det eg ønskjer å endre i livet mitt, og ta bevisste val for å bli denne personen.
Kven vil eg bli?
Rob ber meg om å beskrive denne personen som eg ønskjer å verte så detaljert som mogeleg. Og går vidare på at eg skal beskrive kva denne personen gjer anleis enn den eg er i dag. Eg skal bruke det som ei ledestjerne; ville versjonen eg ønskjer å bli, gjort dette? Viss svaret er ja – GO FOR IT. Er svaret nei – LAT DET VERE!
Det første steget den nye versjonen av meg gjorde, var å slette nokre teite appar frå telefonen. Det var appar med korte historiar, som du anten kan betale dyrt for eller sjå tilsvarande tid med reklame. Dette har dukka opp på Snap, eg har gått på kroken og brukt alt for mykje tid på å sjå veldig teite seriar. No er fristelsen vekke frå telefonen, og eg får frigjort tid.
Fjerne alt som er moro?
Nei, seier Rob. Det handlar ikkje om å fjerne alt som er moro. Det handlar om å vere ærleg på kva som stjeler energien og tida di. Eg skal ikkje slutte å bruke telefonen min, eg skal bli meir bevisst på kva eg brukar han til. Eg skal t.d. fortsette å bruke Duolingu, ein språklærings-app der eg får lært, eller friska opp att, språk. For snart 1,5 år sidan, eller ca 490 dagar sidan, begynte eg i ny jobb.
Eg har jobba 26 år som barnehagelærar i barnehagen, så var eg innom Fretex som jobbkonsulent i avklaring i nesten eit år, men Fretex mista anbodet, og eg måtte på jobbsøk igjen. I denne perioden gjorde eg det eg ALDRI anbefaler dei eg no jobbar med, eg sa opp min faste jobb, som eg hadde hatt i nesten 20 år, utan å ha nokon ny jobb å gå til. Men det var ikkje noko alternativ å gå tilbake til jobben, eg var så ferdig med barnehage at eg tok sjansen. Og sjansen kom som programrådgivar i flyktningtenesta.
Og HER kjem Duolingu inn. Alle som eg hadde som deltakarar i programmet var frå Ukraina, der dei fleste snakkar russisk. Så pr i dag har eg lært russisk i 486 dagar. I tillegg til russisk, som eg øver på kvar dag, og virkeleg starta frå scratch, øver eg òg tidvis på fransk og tysk. Dette er språk eg lærte på vidaregåande, dvs over 30 år sidan, så det er litt repitisjon, og litt ny-læring.

Du må berre prøve å snakke!
Jadda, i juni var eg i Paris, og fekk mine eigne ord rett i fleisen! Eg hadde jo repitert fransk i fleire månadar, og lært so pass mykje at eg forstod det meste eg las, og skjønte mykje av det som vart sagt, men når eg sjølv skulle snakke, gjekk det fort over i engelsk. Eg som seier til deltakarane mine, du kan meir, du må berre bruke språket ditt.
Men nok om Duolingu, eg vil vertfall fortsatt bruke tid på å lære språk, for å lære noko nytt, er alltid bra.
Kva ville min beste versjon gjort?
Spørsmålet er i allefall – kven treng eg å bli? Kva ville denne versjonen av meg gjort? Svara på dette seier Rob at eg skal bruke som ledestjerne dei neste 90 dagane. Eg skal ikkje gå så mykje inn på korleis min person ser ut, men eg skal prøve å oppdatere korleis det går. Eg har to store tema; trene kontor-røvi og ha energi til heile dagen. Wish me luck!

I september var fekk eg testa tysk-kunnskapane mine. Med ein 10. klasse-tur til Berlin. Gjekk omtrent som i Paris, eg er litt lenger kommen i tysk enn i fransk, likevel når eg skulle snakke, gjekk det i engelsk, eller NORSK! Men no var eg førebudd.

Slenger med eit bilde frå turen i oktober, til ein av favorittplassane mine, Lykling på Bømlo.
Takk for at du las ❤️ Klem, Gudrun















