Er du klar til 1. juni?

Eg tek eit kurs no, som heiter Search inside yourself. Eg er blant dei første i Norge som får ta dette kurset, og det er eit kjempe spennande kurs. Fordi eg er ein del av Diameta-familien og Go´nok– fekk eg vere med som prøvekanin for Bente Kristensen og kurset. Og eg angra ikkje!

Det var dette kurset som gav den første grunnpilaren i Sjef i 30: Meditasjon kvar dag. Eg har, både gjennom Diameta og andre plassar, lært at meditasjon er bra, og innimellom får eg det inn, men så sklir det ut igjen. Derfor tok eg med meg lærdommen frå IronMind og fann ut at no skal eg prøve å sette det meir i system. No skal eg inngå ei avtale med meg sjølv, og de andre deltakarane, at i juni skal eg meditere 5-10 minuttar kvar dag. Eg kjem til å legge ut forslag til meditasjoner og ta opp nokre lydfiler som eg deler i gruppa.

Fordeler med meditasjon

  1. Reduserer stress!
  2. Forbedrer konsentrasjonen.
  3. Motvirkar søvnproblem.
  4. Senker blodtrykket.
  5. Aukar immunforsvaret.

Det er mange fordeler med meditasjon. Eg såg ein film i forbindelse med kurset til Bente, eit amerikansk nyheitsanker snakka om meditasjon som ein ting som kom til å verte stort innan helse. Viss du hadde snakka om jogging på 40-talet, hadde dei spurt kven som jaga deg, og sjå på jogging no.

To opplevelser

Eg har to store opplevelser i forbindelse med meditasjon. Den første var når eg skulle opp til muntleg eksamen i ein 15 studiepoengs kurs om IKT i pedagogisk arbeid. Eg hadde førebudd meg skikkeleg godt, og før eg reiste ned på Høgskulen for å ta eksamen, sette eg meg og mediterte på ein stol. Eg fulgte berre ein meditasjon eg hadde opptak av, men fekk min første og einaste A på eksamen. Så eg forbinder meditasjon med god prestasjon.

Den andre var ein meditasjon me hadde på trening, det var like før gradering (taekwondo) og ein av svartbelta våre tok oss gjennom ein meditasjon. Det største med den, var at svartbeltet var ein ung gut på 16 år, som tok ca 50 utøvarar mellom 11 og 60 gjennom ein meditasjon. Han var 16 år! Så derfor forbinder eg meditasjon med tryggheit og styrke.

Bli med!

Bli med på utfordringa;


Seks grunnpilarar

  • Meditere 5-10 minuttar kvar dag
  • Ete sunt
  • Aktiv i 30: trene i minimum 30 minuttar kvar dag; gå tur, jogge, styrke e.l.
  • Skrive dagbok. Ikkje «vanleg» dagbok, men spørsmålbassert.
  • Jobbe med ei avhengigheit. Få kontroll over avhengigheita. Me er alle avhengig av eit eller anna. No skal me ta kontroll.

Dei som følgde meg gjennom IronMind60, ser at eg ikkje har valgt samme grunnpilarene som Rob Dial;

  • Kald dusj kvar dag
  • Dagbok
  • Diet kvar dag
  • Null alkohol
  • Visualisere kvar dag
  • Trene i 30, helst 45, minuttar

Det var ei meining bak alle pilarane til Rob, men det er ganske hardcore, og eg trur mine er enklare å få med folk på. Det vert ikkje noko straff dersom du ikkje gjennomfører, viss ikkje du velger det sjølv; td. gi ein sum til diabetesforbundet, go´nok, frelsesarmeen eller noko anna. Og om du feiler, så kan du starte på igjen dagen etter. Akkurat denne siste; starte på igjen viss ein feiler, treng eg å implementere. Eg har ein tendens til å skli skikkeleg utpå dersom eg bryter mine eigen reglar.

Korleis du har det - er ditt ansvar.
Korleis du har det, er ditt ansvar.

Eg fekk spørsmål om om det var påkrevd å skrive dagbok. Det er ikkje noko som er påkrevd, du bestemmer sjølv. Viss dagbok ikkje er di greie, så kan du bytte det ut med noko anna, eller kutte det ut. Men dagbok, eller journaling, vart eg virkelig glad i gjennom IronMind60. Det er ein flott måte å verte kjend med seg sjølv på. Eg skal skrive meir om dei forskjellige grunnpilarane seinare.

Gleder meg! Og håpar du vert med <3

Klem

Gudrun

Facebook Comments Box

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *