Juleførebuingar – Brente mandlar

Juli nærmar seg med stormskritt i år òg. Og eg lagar som vanleg meir julegodteri enn julekaker. Ein av klassikarane mine, er brente mandlar.

Oppskrifta er som følgjer;

300 g mandlar
150 g sukker
1,5 dl vatn
Litt vaniljepulver
Ein klatt smør, ikkje for mykje!

Ha smør, sukker vatn og vaniljepulver i ein kjele. Kok opp på middels varme, mens du rører heile tida. Kok til vatnet har kokt vekk, då vert det plutseleg kvitt.

Gudrun Helvik Stenehjem sitt bilete.

Du er ikkje ferdig, steik vidare til sukkeret har smelta og lagt seg rundt mandlane. Rør heile tida! Ha i ein liten klatt smør, og hell mandlane over på ei steikeplate med bakepapir. Ta dei frå kvarandre med to gaflar, og la dei avkjøle. Oppbevar i tett boks, glas e.l.

Gudrun Helvik Stenehjem sitt bilete.
Gudrun Helvik Stenehjem sitt bilete.

Håpar du har ei fin adventstid. Kva tradisjonar har du?

Førjulsklem frå Gudrun

Vannkefir.

Eg har vorte bitt av fermiteringsbasillen. Fekk nokre vannkefir-korn på døra her i vår, og har no utvida med mjølkekefirkorn og surdeig. Ikkje alt er like vellykka (les surdeigsbrød…)

Men iallefall, dette innlegget skal handle om vannkefir.

Dette treng du

Når du skal begynne å lage vannkefir må du ha eit liters glas, ei liters glasflaske, eller fleire små, sukker, økologiske rosiner eller tørka frukt, økologisk sitron. Og noko til etter-fermiteringa, td fryste bringebær, blåbær eller anna, viss du vil ha smak.

Oppskrift

Eg brukar denne oppskrifta;

2 ss vannkefirkorn
1 liter vatn
4 ss sukker, mine korn likar best det vanlege røyrsukkeret (Dan sukker) som finst på matbutikken.
Nokre økologiske rosiner, ca 20 kanskje, eg brukar oftast Sunmaid sine, eller anna tørka økologisk frukt, som fiken eller dadlar, då brukar eg 2 stykker.
Ei skive økologisk sitron.

Det er viktig at den tørka frukta er økologisk, men sitrona kan du skrelle viss du ikkje har økologisk.

Du rører først ut sukkeret i vatnet, så tilsetter du resten. Og set det på kjøkkenbenken i 1-2 døgn. Sukkeret er maten til korna, dei et det opp mens vatnet står og fermiterer. Eg laga mange batchar før eg torde å smake på vatnet, men du treng ikkje vere så pysete som meg. Det er ikkje giftig.

Du let det stå på disken utan tett lokk. Eg pleier ta vekk strikken eller berre legge lokket lett oppå glaset.

Mens dei står på disken, er det godt mulig korna doblar seg. Eg har eit fullt Norgesglas med korn ståande, alle avkommarar frå dei første korna eg fekk. Som var ca 2 ss.

Når første fermiteringa er over, siler du av frukt og korn. Viktig å bruke plastsil eller liknande, korna likar ikkje metall. Eg brukar glas og plast når eg er borti dei.

Etter fermitering

Du er no ferdig med første fermiteringa. Du kan fylle det på flasker og sette det i kjøleskap, eller du kan etter fermitere. Ved andre fermitering pleier eg ha drikken oppå ei glasflaske og fylle på med den smaken eg vil ha. Eg er veldig glad i bringebærsmaken eg får viss eg brukar ein neve frosne bringebær. Viktig her med tett lokk, viss du vil ha kolsyre i det. Eg har brukt ein del flasker utan tett lokk, og får då ikkje noko brus i det, mens med tett lokk brusar det ofte over når eg opnar.

Andre fermiteringen er ca eit døgn på kjøkkenbenken.

Så set du det i kjøleskapet, og kosar deg med god drikke! Eg har ikkje klart å få ungane, eller mannen, til å drikke det, men eg tykkjer det smakar kjempe godt.

Botnslammet samlar eg på og brukar til å bake med. Då treng eg ikkje anna hevemiddel.

Når eg ikkje brukar korna, eller dei korna eg ikkje brukar, ligg i sukkervatn i kjøleskapet. Eg har ganske mange korn, så det er nok ikkje ein liter med sukkervatn. I tillegg til sukkeret gir eg korna litt himalayasalt og natron innimellom, for det har eg lese at dei likar. Eg brukar vanleg rafinert sukker i sukkerspaet, og fyller på med sukker, eller byter vatn slik innimellom.

Eg har vannkefir korn til overs viss du vil ha. Du kan hente gratis her hjå meg, viss eg må sende, kostar det 100 kr, for innpakking i dobbel zip-pose, boblekonvolutt og porto. Eg tek ikkje ansvar for posten sin behandling. (Eg fekk mosa melkekefir korn i posten, men dei levde og produserer fin-fin kefir-mjølk.)

Klem,

Gudrun