Eit magisk ord!

Eg rydda i papira mine, er det ikkje det me gjer no om dagen? Og eg fann att notater frå eit kurs eg var på, MOT som universalverktøy 24/7 med Stein Bratseth.

Han snakka blant anna om at du skulle lære ungane eit magisk ord. Men eg tenkjer som slik at det er slett ikkje berre ungane som treng dette ordet.

Dette har eg aldri prøvd før, så det klarer eg sikkert!

– Pippi Langstrømpe

Det er nemleg ikkje alle som tenkjer slik som Pippi når dei skal lære noko nytt. Mange av oss tenkjer at «Dette får eg ikkje til!» Og det er her det magiske ordet kjem inn; ENDÅ. Viss du legg til ordet endå, så vert setninga: «Dette får eg ikkje til, endå.»

Du opnar opp for at du vil få det til seinare, når du har øvd deg litt meir.

Anten du trur du får det til eller ikkje, har du som regel rett.

– Henry Ford

Du kan klare mykje med trua. Og ved å prøve og øve. For kvar gong du begynner, er det større sannsynlegheit for at du skal lukkast.

Ein master har feila fleire gonger enn nybyrjaren har prøvd.

Vil du mere med på dette? Lære deg å bruke ordet endå? Viss ungen din seier; «Eg får ikkje dette til!!» så svarer du automatisk «Du får ikkje dette til, endå.» Viss din første tanke (les meir her) seier; «Dette kan eg ikkje!» så automatiser den andre tanken din til å svare; «Dette kan eg ikkje endå!»

Eg har forresten laga ei gruppe på Facebook til bloggen. Ikkje heilt sikker på korleis ho vert endå, men du er velkommen innom. Ein måte å vere sosial på no i denne rare tida.

Klem,

Gudrun

Facebook Comments Box

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *