Korleis lever jantelova hjå deg?

Det er alltid slik at viss du stikk hovudet fram, er det fare for at du får det kappa av. Folk vil ikkje at du skal gå dine eigne vegar, vil ikkje at du skal våge å skille deg ut. Me kallar det Jantelova.

Eg hadde jobba med eit kurskonsept om samlingsstunder i barnehagen i fem år, og tok eit gedigent hopp ut av komfortsona. Eg lanserte kurset mitt. Sette opp kurs, og inviterte mine Facebook-venner som var i målgruppa. Ikkje lenge etter at invitasjonen var sendt, tikka det inn ei melding; «Lykke til med kurs 🙂 Eg kjenner ikkje behov for kurs på dette feltet. Samlingane våre er gode :)»

Kvifor gjer du slikt?

Heldigvis har eg jobba masse med sjølvfølelsen min, så eg har verktøy for å koste vekk slike ting ganske kjapt. Men det får meg til å tenkje; Kvifor sender du slike meldingar? Er det for å sleppe fleire invitasjonar til arrangement? Er det for å få den andre til å føle seg mindreverdig? Kunne du ikkje berre ha ignorert innbydinga? Istaden for å prøve å klippe vengene av ein fugl som har lyst til å lette?

Eg skjønnar jo at det eg driv med ikkje passar for alle. Eg får stadig invitasjonar til ting eg ikkje vil gå på, men eg sender ikkje meldingar til vedkommande for å seie at det du driv med kan eg bedre enn deg.

Eg las ein post frå ein bloggar, ho hadde nettopp starta ein podcast. Og ho hadde blitt fortalt at venninner av ho skulle gå inn og gi dårlege tilbakemeldingar, for å jekke ho ned. Dei hadde avtalt det seg i mellom. Kvifor ville dei jekke ned venninna si?

Jantelova er ei bitch!

Dei skulle jekke ned venninna si!?

Viss du leser dette, kan du prøve å tenkje deg om to-tre gonger før du bestemmer deg for å jekke ned venninnene dine? Venninna di som prøver seg ut av komfortsona treng støtta di, ikkje at du prøver å drukne ho. Eg seier ikkje at du må støtte venninna di økonomisk, men det er mange måtar å gi støtte utan at det kostar kroner. Det kan vere deling av ein post, like av eit bilde, ein klapp på skuldra og seie «Så spennande.»

Sjølvfølelse er gull!

Eg har jo i mange år jobba med å verte venner med meg sjølv, slik at drit frå andre ikkje skal påvirke meg så mykje meir. Så eg vert trigga til å prøve endå litt hardare viss eg får jantelova vifta i trynet. Dette er draumen min – dette er gåva mi til verda – eg kan, eg vil, eg får det til!

Her finn du eit anna innlegg om samme tema.

Kva tenkjer du? Gir dette meining? Er det slik? Del gjerne vidare.

Klem, Gudrun.

PS Du finn meg på facebook!

Facebook Comments

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *