Kven er eg og kva kan eg.

Sjølvtillit og sjølvfølelse, kva er det egentleg? Og kva er forskjellen? Her vil eg gå litt inn på desse to og prøve å svare på desse spørsmåla og elles anna forbunde med sjølvfølelse og sjølvtillit.

Sjølvtillit handlar om det du kan, ikkje om kven du er. Det er opplevelsen av å mestre og vere god til noko. Enkelt sagt er det trua om kva du kan. Sjølvtillit veks med øving. Det går fint an å ha for mykje sjølvtillit, me kjenner vel alle ein verdsmestar eller to?

Du kan ha god sjølvtillit på nokre område og null på andre. Du veit liksom kva du kan og kva du er god på. Og du kan «vise dei», bevise for andre at du kan.

Sjølvfølelse handlar om kva verdi du opplever at du har, ikkje kor flink du er. Det er kva du føler om deg sjølv, det du trur du er. Det er grunnmuren vår.

Sjølvfølelse er det du tenkjer om deg sjølv, det du er. Sjølvfølelse er som ein muskel. Du må jobbe med sjølvfølelsen din. Trene sjølvfølelsen, akkurat som du må trene andre musklar. Sjølvfølelse er ferskvare, du må jobbe og trene heile tida. Du kan ikkje få for mykje sjølvfølelse. Viss den er sterk og god, vert du berre trygg på deg sjølv og god å vere saman med.

Tegn på låg sjølvfølelse kan vere at du samanliknar deg med andre heile tida, og tenkjer at dei andre er bedre. Du treng masse bekreftelse frå andre, har behov for å verte sett heile tida. Du har problemer med å finne din rettmessige plass og trekker deg unna andre fordi du er redd for ikkje å vere god nok. Andre tegn kan vere prestasjonsangst, skryting, mobbing, trur du er bedre enn andre, er overdrevent beskjeden, skuldfølelse, grenselaus m.m.

På Diameta sine kurs, lærer me deg gode verktøy som du kan bruke resten av livet for å få ein bedre sjølvfølelse. Det er kurshaldarar rundt om i heile landet, eg held til i Sogndal, der eg held kurs. Eg kan halde kurs i andre kommunar, dersom nokon skaffar lokale og det er nok deltakarar.

Kurset lærer deg gode verktøy og teknikkar du kan bruke i kvardagen din. Sjølvfølelse er det du føler om deg sjølv og kva verdi du har som menneske. Har du ein god sjølvfølelse, takler du utfordringar som garantert kommer på ein bedre måte. Dette vil også styrke sjølvtilliten din på områder der det er viktig for deg. Kurset vil bidra til at du tenker og føler at du er god nok akkurat som du er.

Kven passer kurset for?
Kurset passer for alle som vil lære mer om seg sjølv, få gode verktøy, styrke eller opprettholde ein god sjølvfølelse, ønsker meir livsgnist, finne meir glede i livet og likar å lære noko nytt.

Håpar du får verdi og læring frå bloggen min, uansett om du vil gå på kurs eller ikkje, vil eg oppfordre deg til å jobbe med å styrkje sjølvfølelsen din. Alle treng å føle seg gode nok slik dei er.

Klem Gudrun.

Facebook Comments

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *