Kvardagsgledar – ein som spreier glede.

I dag møtte eg ein kvardagsgledar.

Eg gjekk inn i helga ganske utslitt etter to vakter på 17,5 time med 6,5 time mellom, dvs to kveldsvakter og to nattevakter på to dagar. Eg kom heim rundt kl 10 i dag tidleg, gjekk rett i dusjen og så til sengs. Der vart eg i tre timar. Stod opp, krasja framfor tv’en med kaffikoppen ein time før gutane kom frå skulen. Så samla eg alle kreftene eg hadde for å komme meg på trening.

Eg har tae kwondo-trening to gonger i veka, og fredagstreninga krasjar ofte med jobb eller lat-marken, viss eg har hatt 35 timars vakt, slik som i dag.

Vel, vel, eg parkerte bilen eit lite stykke frå treningshallen, og på veg opp til trening møtte eg altså denne kvardagsgledaren.

Så enkelt og så virkningsfullt.

På vegen opp møtte eg ei mamma, ein storebror og ein veslebror. Eg kjenner dei, og helste og slo av ein liten prat. Veslebroren åt på ein kvikk lunsj, og eg sa at «Du er jammen heldig!» Så tek mammaen, kvardagsgledaren, fram ein Kvikk lunsj til meg òg. «Ver så god! Og kos deg, det er jo helg!» sa ho.

Og eg reiste vidare på trening med eit smil om munnen og glede i hjarta.

Eg har noko å lære.

Det er jo så enkelt å spreie glede, og det er jo så lite som skal til. Det er ikkje sikkert at kvardagsgledaren min tenkte noko over det eingong. Ho hadde kjøpt mange sjokoladar, og ville dele, sidan eg kommenterte det til minste guten. Men for meg var det eit lyspunkt.

Hugsar du på dette? Eg mistenkter at det er ein refleks for mammaen eg møtte i dag, at det liksom ligg i ryggmargen hennar, ho er ein kvardagsgledar heile tida. Eg veit at eg er god på å gi folk eit smil, og veit at det også kan vere med å løfte dagen til mottakaren, men å gi ein sjokolade til nokon eg går forbi pleier eg ikkje å gjere.

Eg har skrive om å løfte dagen for andre tidlegare. Les gjerne det òg.

Å løfte dagen.

La oss gå saman og gjere verden til ein snillare plass <3 Bli ein kvardagsgledar du òg.

Klem,
Gudrun.

Facebook Comments Box

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *