Jammen, det er nokon som er glad i dei. Verdiar.

I dag vil eg snakke litt om verdiar og om å sjå det store bildet.

Eg har nyleg sett to filmar, Taken og Jack Reacher. Felles for begge er at det er ein helt som åleine tek hand om veldig mange bad guys. Eg vert jo fasinert og tykkjer det er spennande å sjå at Helten tek ut ein gjeng på ti.

Men samtidig tenkjer eg;

Jammen, det er jo sikkert nokon som er glad i dei. Nokon mister pappaen sin eller sonen sin.

No veit eg at dette er berre på film altså, men det har noko med å sjå det heile bildet, empati og innlevelsesevne. Viss du berre ser frå ditt eige synspunkt, ser du etter det som vert best for deg, kanskje på kortsikt. For å ta dei beste avgjerdslene, må du sjå det store bildet.

Barnebursdagar, igjen og igjen.

Til dømes barnebursdagar. I starten er det jo enkelt, fram til dei er 10. Då er det alle gutane, alle jentene eller heile klassen. Men frå 11 års dagen er det meir valfritt. Då startar problema. Det er alltid nokon som aldri vert invitert. Eg har ein son som går i 6. klasse, på begge foreldremøta i år har lærarane teke dette opp og fremma ønskje om at me må invitere alle i samme kjønn. Kvifor er dette eit viktig nok tema til at det må snakkast om på alle foreldremøta? Det er jo fordi det alltid er nokon som vert ståande utanfor, som aldri vert invitert.

Politiet er veldig synlege ut mot foreldre og barn. På eit av foreldremøta eg var på i år, fortalte politien på møtet om ein hending. Det var tre jenter på 11-12 år som gjekk saman til skulen, på vegen gjekk dei forbi ei jente i klassen, utan at dei inviterte ho til å gå saman med dei. Dette hadde politidama teke opp med jentene, ikkje som politi, altså, men som privatperson, ho kjende jentene godt. Ho hadde bedt dei om å invitere ho til å gå saman med seg neste gong, til å vere eit medmenneske.

Er eg no heilt enig i dette?

Akkurat dette har eg faktisk litt motstridande meininger om. Eg var ho jenta som stod der då eg vaks opp. Livet mitt hadde absolutt ikkje vorte bedre, dagen min hadde ikkje vorte lysare, av at tre litt høgre oppe på rangstigen hadde invitert meg til å gå med dei til skulen. Det hadde vore kleint! Det skal nok meir til å bety ein skilnad. Viss det skulle vore ein bra ting å verte invitert til å gå saman med nokon til skulen, måtte det skjedd naturleg, at jentene ville gå med meg, ikkje fordi ein vaksen sa det til dei.

Ikkje misforstå meg, eg tykte politidama viste gode verdiar, og prøvde å føre dei vidare til neste genrasjon. Men viss det skulle ha gjort dagen min, som den jenta som stod og gjekk åleine, måtte dei ha vore vennene mine. Lærarane har ei kjempe oppgåve viss dei skal få dette til, klare å få til eit klassemiljø der du går til skulen med alle i klassen din, der alle er venner. (Og ja, foreldra har òg ein kjempe viktig del av dette. Vaksne skaper vennskap!)

Greier dei det, er mobbeproblematikken historie. <3

Eg er glad for at sjølvfølelse og livsmeistring får større og større plass, både i skulen og elles. Viss me jobbar med at me skal verte glade i oss sjølve, og verte venn med oss sjølve, trur eg me er på rett veg.

Kva meiner du? Diskuter gjerne i kommentarfeltet. Del viss du tykkjer posten gir deg verdi.

klem,

Gudrun

Facebook Comments Box

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *