Kritikk – av kven?

Har du tenkt på kva som skjer når du kritiserer nokon? Kven det egentleg er verst for? Viss du snakkar negativt om noko, påvirkar det den du snakkar om negativt eller påvirkar det deg negativt? Og kva er det egentleg du kritiserer? Er det dine eigne feil eller manglar? Kritiserer du for å føle deg betre? Løfter du deg sjølv ved å kritisere andre?

 

Eg skal ikkje vere så skinnhellig å seie at eg aldri har kritisert nokon andre. Det har eg gjort, og det hender at eg gjer det no òg. Men eg prøver å ikkje gjere det. For eg veit at det egentleg speglar tilbake på meg sjølv. Viss eg påpeiker andre sine feil, er det egentleg mitt eigne dårlege sjølvbilete som snakkar, eg kritiserer noko som eg føler manglar ved meg sjølv. Og tru meg, å snakke drit om nokon andre, får ikkje meg til å føle meg noko særleg betre. Snarare tvert om, eg får dårleg samvit og tankane mine vert negative, som igjen påvirkar følelsane mine.

Kva så med dei tullingane eg kritiserer? Vert dei nevneverdig påvirka av min kritikk? Ja, viss eg ikkje spreier ondsinna rykter som kan øydelegge eit menneske. Men viss eg berre kritiserer slik som ikkje har nokon betydning egentleg, som at ho er stygg på håret, eller har ei irriterande stemme eller noko. Det betyr ingenting! Det er kun meg sjølv eg øydelegg for med å gå rundt å kritisere, og kanskje den eg deler kritikken med. Det er eg som får negative tankar og følelsar. Det er eg som føler meg dritt.

Tru kva du vil

Samme viss du kritiserer meg. Eg har lese eit ordtak; «What you might think of me, is none of my business.»

Det du måtte tru om meg, er ikkje mitt problem

Ikkje sant? Det tykkjer eg er ganske fint å minne meg sjølv på. Det er ikkje nøye kva andre måtte meine eller tenkje om meg. Så lenge eg føler meg god nok som den eg er, betyr det ikkje den døyt kva du føler om meg. Og min teori går egentleg ut på at viss eg føler meg god nok som den eg er, så tykkjer du godt om meg òg. Fordi eg vert behageleg å vere saman med. Viss me alle er opptekne av å ikkje konkurere med kvarandre, men heller er opptekne av å vere vår beste versjon, så trur eg me får det betre saman.

Min teori går  ut på at viss eg føler meg god nok som den eg er, så tykkjer du godt om meg òg.

Som rettleiar, både for studentar og personalgruppa mi, er eg oppteken av å fortelje dei eg rettleiar kva dei gjer bra. Då får dei vite kva dei kan gjere meir av. Dersom eg berre snakkar om det dei ikkje gjer bra, så veit dei kva dei ikkje skal gjere, men dei veit fortsatt ikkje kva dei skal gjere. Og eg trur me alle arbeider betre dersom me er saman med folk som leitar etter det me gjer bra, heller enn at dei leitar etter det me ikkje gjer godt nok.

Eg trur me alle arbeider betre dersom me er saman med folk som leitar etter det me gjer bra, heller enn at dei leitar etter det me ikkje gjer godt nok.

Diameta-kurs

Eg er òg glad for at eg torde å hoppe nokre kvantesteg ut av komfort-sona og torde å utdanne meg som Diameta-kurshaldar (www.diameta.no) slik at eg kan få hjelpe mange barn, unge og vaksne i Sognebygdene til å få betre sjølvfølelse, og finne følelsen av å vere god nok slik som dei er, og å ta ansvar sjølve.

I Diameta har me fleire tilbod, sjølvsagt kurset på 6 timar der ein går litt i djupna, og eit ein-til-ein tilbod som me kallar motiverande samtaler, me held bedriftskurs, kurs for tilsette i barnehage og skule, to timars foreldre kurs og fleire andre tilbod. Følg med på nettsida til Diameta for å få med deg nyheiter.

(Viss du vil ha deg ein boost, anbefaler eg Synnøve Sorthe og hennar VIP jentekvelder. Ho både snakkar og viser slik at du føler deg betre.)

Og som alltid – dersom du tykkjer det eg skriv har noko for seg, og du tenkjer andre kan ha nytte av å lese orda mine, del gjerne vidare. Og hugs;

Du er god nok akkurat slik som du er.

Klem,

Gudrun

Facebook Comments

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *