Dei blir sjefen din..

Eg gir ungane mine 1000 kr for kvar 6’ar, skriv bloggaren Annebrith, kvar sommar, og skapar debatt om pengar for karakterar kvar sommar.

Eg let meg òg provosere, kvar gong. I min ungeflokk, har me både skuleflinke og meir praktiske ungar. Det hadde vore kjempe urettferdig dersom eg skulle ha betalt ungane for gode karakterar, og kva betyr egentleg ein god karakter? Viss den ikkje kan brukast til noko?

Set deg fremst og følg med i timane.

Eg har vore på to føredrag med Eddi Eidsvåg i Pøbelprosjektet. Faren hans sa til han: «Set deg framme og følg med i timane, men hald deg inne med dei på bakerste rad, for dei vert sjefen din.» Eddi ville sjølvsagt heller verte sjef, så han sette seg bakerst.

Men eg har tenkt litt over dette. Det er dei som sat bakerst som driv som sjølvstendig næringsdrivande, det er dei som er sjefar, som får ting til å skje, som tørr satse. Eg reknar med dette gjeld alle plassar, ikkje berre i Sogndal?

Kvifor skal eg heie fram og belønne berre gode karakterar og flinke teoretikarar? Den praktiske kunnskapen, den logiske sansen, det sunne bondevitet er vel like mykje verdt?

Eg meiner jo sjølvsagt at ungane mine skal følgje med i timane og gjere sitt beste på skulen, men ungen min er ikkje mindre verd sjølv om han har utfordringar på skulen, og sikkert ikkje kan få ein 6’ar uansett kor mykje han hadde jobba.

Me treng alle.

Norge stoppar heilt opp dersom alle skal vere flinke på skulen. Me skviser ut mange gode praktikarar med å innføre eksamen og kurs for alt, uansett kva dei jobbar med. Me treng dei som ser eigne løysingar, som klarer å ordne ting, som får ting gjort.

Kvifor treng me kurs eller eksamen uansett kva me skal drive med? I praktiske yrkjer, treng dei praktisk kunnskap, ikkje teori som tek heilt luven frå dei. Dei som ikkje er skapte for skulebenken, som gruer seg for å sitte i ro ein dag på kurs.

God nok som den du er.

Det viktigaste eg kan lære ungane mine, er at dei er gode nok slik som dei er. Ikkje at dei berre er gode nok viss dei presterer ein 6’ar på skulen. Ungdomane no til dags har nok press frå alle kantar, dei treng lære å vere sin eigen bestevenn, sin eigen heiagjeng. Og lære at så lenge dei gjer sitt beste, så er det godt nok. Og dei treng lære å ta gode val og lytte til sine verdiar.

Lønn for å jobbe.

Ungane våre får forresten lønn for å jobbe, ikkje for gode karakterar, akkurat slik som i det virkelege liv. Det kan vere vanleg husarbeid, måling, snekring eller andre ting, men ikkje for å få gode karakterar på skulen. Det er ingen som lønner deg for gode karakterar i det virkelege liv heller.

Ja ja.

Kan godt hende dette er eit litt forhasta innlegg, som får sinnet i kok hjå deg, men eg prøver å poste det likevel. Du må gjerne komme med din meining, sjølv om du ikkje tenkjer slik som meg. Men eg håpar du er grei, sjølv om eg har jobba så mykje med sjølvfølelsen min at eg antakeleg tåler det uansett.

Del gjerne vidare.

 

Klem frå

-Gudrun-

Facebook Comments

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *