Har du vorte avvist nokon gong?

Å bli avvist – eg skreiv om dette temaet på samlingsboksen for fire-fem år sidan, men ein god ting kan ikkje seiast mange nok gonger. Det handlar om kor me har fokuset vårt. Kva me legg merke til.

Londonturen – ei oppleving for livet.

Eg var i London, på Experts Academy med Brendon Burchard i jaunar 2014. Ein svært fornuftig mann. Ein av dei tinga han sa, var at me ikkje skulle vere redde for å ta kontakt med folk. Å be om ting, eller tilby noko. Me skulle ikkje vere så redde for å bli avvist. Grunnen til at me var redde for å bli avvist, stamma ofte frå ein tosk som hadde såra eller avvist oss ein gong. Me sat 500 mennesker i salen, og han gjorde ein liten demonstrasjon med oss, på kor dårleg matte det var å late dette styre oss.

Ikkje ver redd for å bli avvist.

Han byrja med å få dei som kunne navngi ein som hadde avvist, så det sette spor, om å reise seg. Noko sjølvsagt alle gjorde, så gjekk han oppover, han stoppa på 20. Då reiste tre i salen seg. Så tok han det omvendt. Alle som kunne navngi ein som hadde vore grei, skulle reise seg. Alle reiste seg på 500 og 1000… (Me var jo 500 greie folk i salen, og eg snakka med dei fleste av dei… På engelsk ja, og gav dei mine innerste tankar.) Viss du hadde 500-1000 til å «cover your back», så kunne du ta dei med deg og storme dei 20 som hadde avvist deg.

Det er meir sannsynleg at du møter nokon som er grei.

Og det er jammen sant. Jadå, du kan treffe på ein tosk, viss du strekker ut handa og ber om noko, eller tilbyr noko, men sansynlegheita for at det er ein grei person er mykje større.

Tenk på det!

gylne regel

Ein ting som er litt merkeleg, eg har jo sjølvsagt min del av tullingar som har vore ugreie. Men dei fleste stammar frå før eg var 18. Kvifor er det slik då? Treffer me fleire dritstøvlar i barne- og ungdomsåra? Eller har eg vorte tryggare på og i meg sjølv? Slik at eg ikkje let meg påvirke i like stor grad lenger? Eg skulle ønskje at alle barn og ungdomar fekk lære seg verktøy for å styrke og oppretthalde ein god sjølvfølelse. For at dei skal kunne takla motgangen på ein god måte. Motgang kjem alltid, men me kan forandre måten me taklar det på. Og  kor me har fokuset; vil me ha fokuset på dei tre tullingane som avviste oss, eller på dei 1000 greie me har møtt?

Del gjerne bloggen vidare til andre som treng lese det <3

-Gudrun-

Facebook Comments

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *