Ventar du på å bli avslørt som ein bløff?

Eg har vore på medarbeidarsamtale, med sjefen. Ho avsluttar samtala med å seie at ho er glad for å ha meg i personalgruppa og at eg er dyktig i jobben min.

Men alikevel, om eg får aldri så mange positive tilbakemeldingar, så går eg og ventar på å verte avslørt som ein bløff, som ein kunnskapslaus tulling som ikkje har noko i jobben min å gjere.

Kvifor er det slik då tru?

Eg trur ikkje at eg har vore åleine om slike tankar. Dette er tankar som kjem til oss alle.

Dette har med det merkelege og vanskelege ordet sjølvfølelse  å gjere. Lat oss først sjå på kva sjølvfølelse er for noko, og kva som er forskjell på sjølvfølelse og sjølvtillit. Dette er nemleg to forkjellege ting.

Sjølvfølelse og sjølvtillit

Enkelt fortalt er sjølvfølelse det du tenkjer du er, altså det du trur om deg sjølv, medan sjølvtillit er det du gjer eller det du trur du klarar.

Kva seier du deg til deg sjølv i spegelen?

Når du står opp om morgonen, og møter deg sjølv i spegelen, kva tenkjer du då, heilt automatisk? Prøv å legg merke til det i morgo-tidleg; kva seier du til deg sjølv når du ser deg i augene? Det er veldig nyttig å undersøke. Louise L Hay har skrive fleire bøker, ein av affirmasjonane hennar er; «Eg elskar og aksepterar meg sjølv akkurat slik som eg er.» Ho seier (eller sa, ho døydde i fjor) at du skal sjå deg sjølv inn i augene og seie dette. I starten kan det vere vanskeleg, kjennast litt, eller veldig, feil ut. Kanskje du får tårer i augene. I tilfelle treng du det iallefall, og du må berre halde fram heilt til du føler at du trur på det, og vidare for oppretthalde følelsen. Viss du er nysgjerrig på affirmasjonar, så anbefalar eg bøkene hennar.

Øvelse gjer meistar

Det finst utallige bøker, program, kurs osv der du kan lære deg verktøy for å auke  og oppretthalde sjølvfølelsen din. Eg har jobba med dette i mange år, og vert meir og meir overbevisst at dette er viktig i kampen mot mobbing og i arbeid med psykisk helse. Lær barn, unge og vaksne å verte venn med seg sjølv. Viss du behandlar deg sjølv fint, er det enklare å behandle andre fint òg.

Viss du vil lære meir om sjølvfølelse frå meg, så har eg sett opp kurs for 6-9 åringar, 9-13 åringar, 13-18 åringar og vaksne, og prøver å tilby desse to gonger i året, ein på vårhalvåret og ein på sommarhalvåret. Eg er kurshaldar for Diameta (www.diameta.no), les gjerne meir på nettsidene. Du finn påmeldingslinken her

Søk i kurskalender

Les meir om sjølvfølelse på bloggen min; Sjølvfølelse

Som alltid; del gjerne vidare, eg trur alle har godt av å lese dette og lære meir om sjølvfølelse.

Klem,

Gudrun

Facebook Comments

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *