Livet mitt er fullt av grusomme hendelsar

…men dei fleste har ikkje skjedd.

Kvifor er det slik at me bekymrar oss for alt mogeleg heile tida? Som her ein dag, eg hadde inni hovudet mitt avbestilt konfirmasjonen og ein barnebursdag, fordi mannen min var død.

Han var ikkje død på ordentleg, men eg trudde at han var det. Han var 1 1/2 time for sein heim frå jobb, og han tok ikkje telefonen når eg ringde. Så ringde han oppatt, etter at eg hadde ringt ca 37 gonger. På spørsmål kva han dreiv på med, svara han som om det var sjølvsagt; «Eg legg stein med Anders.» «Når sa du i frå om det?» sa eg, vel vitande om at han ikkje hadde nemt eit ord.

Men det som er endå rarare, og likevel ganske normalt; Eg vart sint! Han hadde stått opp frå dei døde, og eg vart rasande. Burde eg ikkje heller vorte glad? Eg planlegg jo alderdommen saman med den soppen og var jo glad for at han ikkje var død denne gongen heller.

Saken med bekymring då, er at viss det virkeleg skjer, så får eg det ikkje lettare fordi, det er ikkje slik at; «Flaks, dette er jo akkurat det eg har førebudd meg på!» Sjokket hadde ikkje vorte mindre, sorga hadde ikkje vorte lettare. Tida eg brukar på å sjå føre meg det verste, er rett og slett ganske bortkasta.

Viss du brukar tida di på å frykte ting som kan skje, får du det ganske trist. Eg hadde to grandtanter som budde langt frå meg, dei budde begge på omsorgsbustadar, ved sidan av kvarandre. Me reiste innom på besøk. Ho eine såg veldig mørkt på alt, mens ho andre var eit fyrverkeri, som ville komme og besøke oss, ei reise på 8-8 timar viss trafikken var fin, og ho hadde hatt førarkort. Fyrverkeriet var nok dårlegare enn ho andre, men eg trur likevel ho hadde det bedre. Ho såg positivt på det, lo og fleipa, mens ho andre bekymra seg for alt og alle.

Du kan bestemme det sjølv! Når du legg merke til dei bekymrande tankane, stopp og kast dei i boset. Du treng dei ikkje. Eg tenkte på det, når eg «avlyste» konfirmasjonen inni meg, «No er du teit!» Men så vert det rart likevel.

Du er kanskje på ein mørk plass, men ser du lyset der oppe? Du treng ikkje dei bekymrande tankane dine. Ønskjer deg solskinnsdagar!

(Bildet er teke i ei Gullgruve <3 Eg fann ikkje gull, men det var ganske fint likevel.)

Del gjerne vidare, sjølv om eg no begynte å bekymre meg for at du tykkjer eg ser for enkelt på ting.

Klem

Gudrun

Facebook Comments Box

2 kommentarer til «Livet mitt er fullt av grusomme hendelsar»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *