Mål for 2021

Eg er blant dei som startar på nytt kvar 1. januar, og ofte kvar 1./15. august (dvs nytt barnehageår). Eg lagar meg kjempe planar – hårete mål som berre fy.

Noko greier eg faktisk å komme meg framover på. Til dømes helsa, eg er i so mykje bedre form no midt i 40 åra enn eg nokon gong har vore før. Eg har aldri vore ein person som har trena, men no går eg tur omtrent kvar dag, og trenar regelmessig.

Men det er også områder som vert ståande på «stedet hvil», sjølv om eg har dei samme hårete måla år etter år. Og det er slett ikkje bra for meg og sjølfølelsen min.

Nye planar på tampen av koronaåret.

No er det jo berre att ei god veke av 2020 – koronaåret. Og eg er på tenker´n og planlegger´n for 2021. Kva kan eg gjere i 2021 for å komme meg vidare?

Her må eg legge inn litt om korleis eg fungerer. Eg – og mange med meg – startar med stor giv i januar, men etter kvart som nyttårsforsetta vert brotne, fell eg tilbake til gamle synder. OK, eg åt ein sjokolade – då kan eg likegodt ta heile plata. Eg skippa trening i går, då kan eg ta det med ro i dag òg.

Og slik saboterer eg alle mine planar, og ventar til august eller januar å ta tak att. Det er så vanskeleg å starte med blanke ark viss eg har sklidd utpå.

Genialt mål for 2021.

Men i år – eller for neste år – har eg laga meg eit genialt mål, som eg vil dele med alle andre som er slik som meg;

Eg begynner på nytt kvar måndag.

Viss eg greier det, då trur eg at 2021 vert eit godt år for alle mine planar. Du kan versågod låne målet mitt. Sjølvsagt kan du seie at eg skal begynne på nytt kvar dag, men eg trur eg har større muligheit for å lukkast viss eg gjer det til måndagar. Eg treng tid til å feile òg.

Lucy hjelper meg med både fysisk og mental helse. Så 2021 vert nok eit bra år.

Bra og mindre bra med 2020.

Håpar 2020 har vore snill med deg, det har vore eit rart år. På nokon måtar har det vore ein bra år, me har måtta gire litt ned, ta det litt med ro. Eg trur ikkje ungane våre har hatt vondt av fredelegare ettermiddagar. Eg veit med meg sjølv, som vaksen i barnehagen, så var koronabarnehagen utruleg bra, og det trur eg han var for ungane òg. Me var fullbemanna heile opningstida, me var små grupper, me var ute heile tida, gjekk masse på tur, opplevde masse fint. Det var ei slik fin ro og så god nærleik, tilstedeværelse. Eg kunne gå heim og vite at eg hadde sett alle ungane på min kohort.

Men på andre områder har 2020 vore litt drit. Alt har liksom gått i stampe. Eg saknar vennene mine, saknar klemmar, saknar å reise! Dette er første året sidan 1997 at eg ikkje har vore utom landegrensene. I 2019 var eg i Tyrkia i påsken, i Bulgaria i sommarferien, i Polen i haustferien og til Sverige rett før jul. I 2020 var eg til Bømlo. Og ikkje misforstå, Bømlo er fint, ein del av sjela mi er der. Men eg saknar «syden», eg har lyst på sol og varme. Og eg saknar store eventar, som samlar fleire enn berre dei nærmaste.

Men eg er heldig, eg har mange nærkontakter, me er fem i familien, pluss pusen og hunden, eg har nær familie i nærleiken, og eg har 22 fire åringar og 4 vaksne i kohorten min i barnehagen. Eg får vere saman med folk. Det er nok ein del som saknar det i år.

Ein plan eg har for 2021; Eg skal til Bømlo i april og plukke ramsløk!

Mange klemmer til deg, håpar jula di vert fin og at 2021 vert eit fantastisk år, for både meg og deg. Hugs; «Eg begynner på nytt kvar måndag!»

God jul og godt nyttår! Og eit fantastisk nytt år!

Klem, Gudrun

Facebook Comments Box

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *