Mål for 2021

Eg er blant dei som startar på nytt kvar 1. januar, og ofte kvar 1./15. august (dvs nytt barnehageår). Eg lagar meg kjempe planar – hårete mål som berre fy.

Noko greier eg faktisk å komme meg framover på. Til dømes helsa, eg er i so mykje bedre form no midt i 40 åra enn eg nokon gong har vore før. Eg har aldri vore ein person som har trena, men no går eg tur omtrent kvar dag, og trenar regelmessig.

Men det er også områder som vert ståande på «stedet hvil», sjølv om eg har dei samme hårete måla år etter år. Og det er slett ikkje bra for meg og sjølfølelsen min.

Nye planar på tampen av koronaåret.

No er det jo berre att ei god veke av 2020 – koronaåret. Og eg er på tenker´n og planlegger´n for 2021. Kva kan eg gjere i 2021 for å komme meg vidare?

Her må eg legge inn litt om korleis eg fungerer. Eg – og mange med meg – startar med stor giv i januar, men etter kvart som nyttårsforsetta vert brotne, fell eg tilbake til gamle synder. OK, eg åt ein sjokolade – då kan eg likegodt ta heile plata. Eg skippa trening i går, då kan eg ta det med ro i dag òg.

Og slik saboterer eg alle mine planar, og ventar til august eller januar å ta tak att. Det er så vanskeleg å starte med blanke ark viss eg har sklidd utpå.

Genialt mål for 2021.

Men i år – eller for neste år – har eg laga meg eit genialt mål, som eg vil dele med alle andre som er slik som meg;

Eg begynner på nytt kvar måndag.

Viss eg greier det, då trur eg at 2021 vert eit godt år for alle mine planar. Du kan versågod låne målet mitt. Sjølvsagt kan du seie at eg skal begynne på nytt kvar dag, men eg trur eg har større muligheit for å lukkast viss eg gjer det til måndagar. Eg treng tid til å feile òg.

Lucy hjelper meg med både fysisk og mental helse. Så 2021 vert nok eit bra år.

Bra og mindre bra med 2020.

Håpar 2020 har vore snill med deg, det har vore eit rart år. På nokon måtar har det vore ein bra år, me har måtta gire litt ned, ta det litt med ro. Eg trur ikkje ungane våre har hatt vondt av fredelegare ettermiddagar. Eg veit med meg sjølv, som vaksen i barnehagen, så var koronabarnehagen utruleg bra, og det trur eg han var for ungane òg. Me var fullbemanna heile opningstida, me var små grupper, me var ute heile tida, gjekk masse på tur, opplevde masse fint. Det var ei slik fin ro og så god nærleik, tilstedeværelse. Eg kunne gå heim og vite at eg hadde sett alle ungane på min kohort.

Men på andre områder har 2020 vore litt drit. Alt har liksom gått i stampe. Eg saknar vennene mine, saknar klemmar, saknar å reise! Dette er første året sidan 1997 at eg ikkje har vore utom landegrensene. I 2019 var eg i Tyrkia i påsken, i Bulgaria i sommarferien, i Polen i haustferien og til Sverige rett før jul. I 2020 var eg til Bømlo. Og ikkje misforstå, Bømlo er fint, ein del av sjela mi er der. Men eg saknar «syden», eg har lyst på sol og varme. Og eg saknar store eventar, som samlar fleire enn berre dei nærmaste.

Men eg er heldig, eg har mange nærkontakter, me er fem i familien, pluss pusen og hunden, eg har nær familie i nærleiken, og eg har 22 fire åringar og 4 vaksne i kohorten min i barnehagen. Eg får vere saman med folk. Det er nok ein del som saknar det i år.

Ein plan eg har for 2021; Eg skal til Bømlo i april og plukke ramsløk!

Mange klemmer til deg, håpar jula di vert fin og at 2021 vert eit fantastisk år, for både meg og deg. Hugs; «Eg begynner på nytt kvar måndag!»

God jul og godt nyttår! Og eit fantastisk nytt år!

Klem, Gudrun

Korleis lever jantelova hjå deg?

Det er alltid slik at viss du stikk hovudet fram, er det fare for at du får det kappa av. Folk vil ikkje at du skal gå dine eigne vegar, vil ikkje at du skal våge å skille deg ut. Me kallar det Jantelova.

Eg hadde jobba med eit kurskonsept om samlingsstunder i barnehagen i fem år, og tok eit gedigent hopp ut av komfortsona. Eg lanserte kurset mitt. Sette opp kurs, og inviterte mine Facebook-venner som var i målgruppa. Ikkje lenge etter at invitasjonen var sendt, tikka det inn ei melding; «Lykke til med kurs 🙂 Eg kjenner ikkje behov for kurs på dette feltet. Samlingane våre er gode :)»

Kvifor gjer du slikt?

Heldigvis har eg jobba masse med sjølvfølelsen min, så eg har verktøy for å koste vekk slike ting ganske kjapt. Men det får meg til å tenkje; Kvifor sender du slike meldingar? Er det for å sleppe fleire invitasjonar til arrangement? Er det for å få den andre til å føle seg mindreverdig? Kunne du ikkje berre ha ignorert innbydinga? Istaden for å prøve å klippe vengene av ein fugl som har lyst til å lette?

Eg skjønnar jo at det eg driv med ikkje passar for alle. Eg får stadig invitasjonar til ting eg ikkje vil gå på, men eg sender ikkje meldingar til vedkommande for å seie at det du driv med kan eg bedre enn deg.

Eg las ein post frå ein bloggar, ho hadde nettopp starta ein podcast. Og ho hadde blitt fortalt at venninner av ho skulle gå inn og gi dårlege tilbakemeldingar, for å jekke ho ned. Dei hadde avtalt det seg i mellom. Kvifor ville dei jekke ned venninna si?

Jantelova er ei bitch!

Dei skulle jekke ned venninna si!?

Viss du leser dette, kan du prøve å tenkje deg om to-tre gonger før du bestemmer deg for å jekke ned venninnene dine? Venninna di som prøver seg ut av komfortsona treng støtta di, ikkje at du prøver å drukne ho. Eg seier ikkje at du må støtte venninna di økonomisk, men det er mange måtar å gi støtte utan at det kostar kroner. Det kan vere deling av ein post, like av eit bilde, ein klapp på skuldra og seie «Så spennande.»

Sjølvfølelse er gull!

Eg har jo i mange år jobba med å verte venner med meg sjølv, slik at drit frå andre ikkje skal påvirke meg så mykje meir. Så eg vert trigga til å prøve endå litt hardare viss eg får jantelova vifta i trynet. Dette er draumen min – dette er gåva mi til verda – eg kan, eg vil, eg får det til!

Her finn du eit anna innlegg om samme tema.

Kva tenkjer du? Gir dette meining? Er det slik? Del gjerne vidare.

Klem, Gudrun.

PS Du finn meg på facebook!

Kjenner du den vesle stemma?

Kvifor vil nokon dusje i kaldt vatn frivillig?

Nokon av dykk har sikkert fått med seg at eg deltek på ein challenge, eller utfordring om du vil. Det er seks grunnpilarer som gjeld kvar dag;

  • Dusje i kaldt vatn
  • Trene
  • Ete sunt
  • Visualisere
  • Null alkohol
  • Skrive dagbok

Kvifor?

Når eg forteller folk om dette, så er det ein ting dei fleste reagerer på;

Kvifor dusje i kaldt vatn??

Her skal du få forklaringa: Det er fordi eg skal lære meg å ta kontroll over «den vesle stemma«. Du veit, den stemma som stoppar deg, som seier; Ikkje gjer det, du kan heller gjere det i morgo, eller du treng egentlig ikkje gjere dette i det heile tatt.

Det er den stemma som stoppar deg kvar gong! Som hindrar deg i å gjere det du egentlig vil!

Eg har vorte bevisst på den vesle stemma no under IronMind60-challengen. Har ikkje tenkt så mykje over det tidlegare. Men ho er aktiv når eg et sjokolade; «No har du teke ein bit, du kan like godt ete resten av 200 g plata!» eller «Nei, i dag treng du ikkje trene, du fortjener å ligge på sofaen, veit du!»

Det er mitt liv, det er no eller aldri!

Vel, denne stemma skal me altså då få kontroll over. For ingen har lyst til å dusje i kaldt vatn kvar dag! Absolutt ingen! Men det er her eg no lærer å ta kontroll over stemma. Fordi; JO! Eg skal dusje i kaldt vatn! Og eg skal dusje til HEILE It´s my life! Og vatnet skal vere kaldt fra starten av. Eg har valgt songen sjølv, men er godt fornøyd med valet. Det er mitt liv, det er no eller aldri! Makan til passande tekst! Men beklagar Jon, eg kjem til å forbinde It´s my life med kaldt vatn resten av livet!

Sjå HER for eit innlegg om den innvendige skravlebøtta.

No lurer eg på, er DU bevisst på den vesle stemma? Har du lagt merke til kor ho stoppar deg? Eg seier ikkje at du må begynne å dusje i kaldt vatn for å ta kontroll over ho, men det er lurt av deg å begynne å legge merke til ho. Kva er det ho seier til deg?

Som vanleg – del viss du trur nokon andre kan ha nytte av å lese dette. Skriv gjerne i kommentarfeltet viss du er enig eller uenig.

Ønskjer deg ein strålande kveld <3

Klem, Gudrun.

Ikkje mitt problem!

Eg høyrde ein podcast som fekk meg til å tenkje litt i går. Det gav virkeleg meining. Kven sitt problem er det egentleg om du likar meg eller ikkje?

Viss du har ein venn, Pål, som kjem til deg og seier; «Eg likar ikkje tomatsuppe.» Kva betyr det for deg? Kva påvirkning har det på ditt liv? Kanskje han seier at «Eg likar ikkje ostepop heller!» Det har ikkje noko å seie for korleis du lever ditt liv, har det vel? Den einaste sitt liv dette påvirker, er Pål, du er enig i det? Det er Pål si meining, og har ingenting å seie for ditt liv.

Og; Viss Pål ikkje likar deg, så påvirker det også berre Pål sitt liv, det betyr absolutt ingenting for deg kva Pål likar eller ikkje. Det er ikkje slik at me likar det samme. Så lenge Pål ikkje plager meg, så kan han meine kva han vil!

Det er faktisk mange eg ikkje likar noko særleg godt, men det har jo ikkje noko å seie for dei. Så, sjølv om eg sjølvsagt vil at alle skal elske meg, det har ikkje noko å seie for meg om du likar meg eller ikkje. Det er ditt val og di sak.

Les gjerne innlegget Kva gale har eg gjort? Det er viktig for ditt eige velvære at du begynner å skille det du meiner frå det andre måtte meine.

Er du enig med meg? Fekk du noko å tenkje på? Del gjerne vidare til andre som du meiner bør lese dette <3

Klem,

Gudrun