Kjenner du den vesle stemma?

Kvifor vil nokon dusje i kaldt vatn frivillig?

Nokon av dykk har sikkert fått med seg at eg deltek på ein challenge, eller utfordring om du vil. Det er seks grunnpilarer som gjeld kvar dag;

  • Dusje i kaldt vatn
  • Trene
  • Ete sunt
  • Visualisere
  • Null alkohol
  • Skrive dagbok

Kvifor?

Når eg forteller folk om dette, så er det ein ting dei fleste reagerer på;

Kvifor dusje i kaldt vatn??

Her skal du få forklaringa: Det er fordi eg skal lære meg å ta kontroll over «den vesle stemma«. Du veit, den stemma som stoppar deg, som seier; Ikkje gjer det, du kan heller gjere det i morgo, eller du treng egentlig ikkje gjere dette i det heile tatt.

Det er den stemma som stoppar deg kvar gong! Som hindrar deg i å gjere det du egentlig vil!

Eg har vorte bevisst på den vesle stemma no under IronMind60-challengen. Har ikkje tenkt så mykje over det tidlegare. Men ho er aktiv når eg et sjokolade; «No har du teke ein bit, du kan like godt ete resten av 200 g plata!» eller «Nei, i dag treng du ikkje trene, du fortjener å ligge på sofaen, veit du!»

Det er mitt liv, det er no eller aldri!

Vel, denne stemma skal me altså då få kontroll over. For ingen har lyst til å dusje i kaldt vatn kvar dag! Absolutt ingen! Men det er her eg no lærer å ta kontroll over stemma. Fordi; JO! Eg skal dusje i kaldt vatn! Og eg skal dusje til HEILE It´s my life! Og vatnet skal vere kaldt fra starten av. Eg har valgt songen sjølv, men er godt fornøyd med valet. Det er mitt liv, det er no eller aldri! Makan til passande tekst! Men beklagar Jon, eg kjem til å forbinde It´s my life med kaldt vatn resten av livet!

Sjå HER for eit innlegg om den innvendige skravlebøtta.

No lurer eg på, er DU bevisst på den vesle stemma? Har du lagt merke til kor ho stoppar deg? Eg seier ikkje at du må begynne å dusje i kaldt vatn for å ta kontroll over ho, men det er lurt av deg å begynne å legge merke til ho. Kva er det ho seier til deg?

Som vanleg – del viss du trur nokon andre kan ha nytte av å lese dette. Skriv gjerne i kommentarfeltet viss du er enig eller uenig.

Ønskjer deg ein strålande kveld <3

Klem, Gudrun.

Facebook Comments Box

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *