Så kvifor bekymrar du deg då?

Bekymring – det trur eg me alle har kjent på no desse siste dagane.

Då eg tok Diameta-utdanninga i 2016, så møtte eg denne youtube-videoen for første gong.

Enkelt sagt så skal du late vere å bekymre deg, for bekymring tjener deg ikkje noko positivt.

Men korleis skal me hugse på dette i kvardagen? Eg vil tru mange er bekymra for tida, eg går også rundt med rare tankar. Fordi eg ikkje veit.

Fordi du ikkje veit

Det er derfor me er bekymra. Det er så mykje som skjer for tida, som me ikkje har kontroll over.

Den andre tanken

Den første tanken vår, skjer automatisk, ubevisst. Den er utanfor din kontroll, MEN den tanken du tenker etterpå, den kan du ta grep om. Eg har merka det godt i det siste, etter at eg lærte dette om den andre tanken.

Dømmande tankar – eg likar ikkje å dømme andre, men eg gjer det ofte, med min første tanke. Eg dømmer dei som hamstrer, eg dømmer dei som ikkje gjer det. Og det går ofte på tvers av mine eigne verdiar.

Lage ein plan

Eg skal lage meg ein plan, for å knuse mi eiga bekymring. Når eg høyrer ordet Corona, er mine første tankar bekymring. Eg skal erstatte desse med min neste tanke, som er bevisst, når eg høyrer Corona skal eg tenkje solidaritet, dugnad, samhold.

Gjer det du òg! Ja, eg veit dette er skummelt, eg tykkjer det er skummelt òg. Men eg nektar å kaste vekk denne tiden, desse vekene i mars der det er unntakstilstand, med å bekymre meg. Eg skal gjere dette til noko positivt!

Sjå videoen ein gong til, og bli med meg på denne bekymringsdugnaden!

Viser til dette gamle innlegget. Eit av dei første eg skreiv på denne bloggen.

Ta vare på kvarandre i denne merkelige tida!

Klem,

Gudrun

Facebook Comments Box

Én kommentar til «Så kvifor bekymrar du deg då?»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *