Journaling

Tilstades – engasjert – omsorgsfull

Eg let meg, som tidlegare nemt, ofte inspirere av Brendon Burchard. Hans tre viktige inspirasjons-ord er LIVE – LOVE – MATTER. Då eg gjekk gjennom spørsmåla hans for å finne mine tre ord, vart desse TILSTADES – ENGASJERT – OMSORGSFULL. Dette er tre ord som er viktige for meg og mitt velvære. For å føle meg bra, må eg oppfylle desse tre tinga; Var eg tilstades i dag/i denne situasjonen? Var eg engasjert? Var eg omsorgsfull?

Grunnpilar nr 4.

Det er her grunnpilar nr 4 kjem inn. Du skal skrive dagbok, eller drive med journaling, for å verte kjend med deg sjølv. Det er ikkje sikkert du er klar over kva for tre ord som avgjerd om din dag har vore bra eller ikkje, mest sannsynleg veit du ikkje det. Dei færraste av oss er klar over slike ting, eller brukar tid på å finne ut av slike ting.

Eg vil gå meir innpå korleis du skal skrive dagboka di inne i gruppa, men det er ikkje ei dagbok der du skriv om dagen din, eg vil du skal skrive. Dette er ein måte å skrive på der du blir kjent med kven du er under alle laga.

Når på døgnet?

På IronMind60 så anbefalte Rob at me skulle skrive dagboka på morgonen, for då var ikkje hjernen oppteken av jobb og dagen sine hendingar.

Eg har skrive om journaling tidlegare òg. Sjå her. Eg har lagt til ei fil i gruppa der du får ei journaling-oppgåve for å finne dine inspirasjons-ord.

Eg fekk spørsmål om ein må skrive dagbok for å bli med på challengen. Og du absolutt ingenting, alt er heilt frivillig, det er ikkje nokon straff dersom du ikkje fullfører, det er heilt opp til deg. Eg kjem til å gi meg sjølv ei belønning etter fullført utfordring, etter IronMind60/100 dagers prosjektet kjøpte eg meg nye joggesko, kjempe dyre. Men eg har ikkje lagt opp til noko straff dersom eg ikkje greier denne utfordringa. Eg har liksom meir tru på positiv forsterking. Viss det er andre ting du heller vil ta tak i, så er det heilt OK, du kan tilpasse det slik du vil. Men det er spennande å skrive dagbok, du får fram info som du ikkje hadde funne fram til ellers.

Vil du vere med?

Klem,

Gudrun

Sjef i 30 – nr 3

Viss aktivitet var kunne takast som medisin, ville me alle teke den. Det er så enkelt! Og du har tid! Du har 48 halvtimer i døgnet, eg veit du har ein du kan bruke til bevegelse! Viss du er veldig inaktiv i utgangspunktet, vil det vere fantastisk bra for deg å innføre 30 minuttar med aktivitet dagleg.

I 2020 har eg vore minimum 30 minuttar i aktivitet kvar dag. Det starta med dei 60 første dagane, der eg deltok i IronMind60, og då var eg jo over halvvegs til 100 dagar, som eg nådde 9. april. Og etter det har eg berre fortsatt. Det er ikkje noko stor sak med utmattende trening. Nokre dagar held det med kohort-barnehage-turen, då reknar eg (og fitbiten) arbeidsdagen med transport etappen til og frå turdestinasjonen som trening eller aktivitet. Når eg har vore ute frå kl 8-15, så har eg ikkje spesielt lyst ut igjen, vertfall ikkje no som været har visst seg frå den virkelig kjølige sida.

I Sjef i 30 vil eg utfordre meg sjølv på styrketrening òg. Det er eg nemleg ikkje spesielt glad i, så eg velger ofte heller å gå eller jogge ein tur. Eg vil bruke Forever sitt beginner program først, og byggje det gradvis opp. I gruppa skal eg dele nokre 7 minutters treningsvideoer som eg likar godt. Kanskje me kan ta ein 7×7 i lag; 7 min styrke i 7 dagar? Det er god plass i gruppa endå, så det er veldig kjekt om du blir med. Og – det er ikkje noko form for straff viss du ikkje fullfører grunnpilarene kvar dag, MEN eg håpar du startar igjen på pilarene dagen etterpå dersom du dett utfor.

Me må verte flinkare på å gi oss sjølve litt slack, eg har i allefall vore fæl på å gi opp viss eg sklir utpå. Det er derfor eg ikkje tørr bryte treningsrekkja, fordi eg då er redd for at ein dag vert til 3 veker, eller meir.

Viss du tenkjer; det er ikkje meg ho tenkjer på, det er ikkje meg ho vil ha med i challengen, så; «Jau! det er nettopp deg! Du som vil teste komfortsona di bittelitt i juni, strekke litt i dei grensene du set opp for deg sjølv.

Bestem deg i dag! Legg deg til i gruppa og bli med <3 Dette får du til!

Klem, Gudrun

Sjef i 30 – grunnpilar nr 2.

Den enklaste måten å ete sunt på, er å ha sunn mat i skapet.

Det sa ein av kursdeltakarane mine på eit voksenkurs ein gong. Det lagra eg! Så enkelt, men likevel så vanskeleg. Brendon Burchard seier; «Du veit kva du bør gjere. Gjer det!»

HELSEDIREKTORATETS KOSTRÅD

  1. Ha et variert kosthold med mye grønnsaker, frukt og bær, grove kornprodukter og fisk, og begrensede mengder bearbeidet kjøtt, rødt kjøtt, salt og sukker.
  2. Ha en god balanse mellom hvor mye energi du får i deg gjennom mat og drikke, og hvor mye du forbruker gjennom aktivitet.
  3. Spis minst fem porsjoner grønnsaker, frukt og bær hver dag.
  4. Spis grove kornprodukter hver dag.
  5. Spis fisk til middag to til tre ganger i uken.Bruk også gjerne fisk som pålegg.
  6. Velg magert kjøtt og magre kjøttprodukter. Begrens mengden bearbeidet kjøtt og rødt kjøtt.
  7. La magre meieriprodukter være en del av det daglige kostholdet.
  8. Velg matoljer, flytende margarin og myk margarin, fremfor hard margarin og smør.
  9. Velg matvarer med lite salt, og begrens bruken av salt i matlaging og på maten.
  10. Unngå mat og drikke med mye sukker til hverdags.
  11. Velg vann som tørstedrikk.
  12. Vær fysisk aktiv i minst 30 minutter hver dag.

Mitt mål i juni 2020 er;
Ete det eg tåler, unngå eller minimere det eg er intolerant mot. Halde meg til 80:20, dvs ete sunt største delen av veka, men unne meg laurdagskos. Eg skal ete grov kornmat, meir frukt og grønt, drikke vatn som tørstedrikk osv.

For sukkeravhengige.

Viss du er sukkeravhengig anbefaler eg deg å «go Cold Turkey», dvs kutte ut ALT! Eg tok tre veker i august 2007, og det funka! Eg unngikk inntil brunost, tørka bær, leverpostei viss det inneholdt sukker, eg las alle innholdsfortegnelser og unngikk alt av sukker, søtstoff og søt smak. Etter denne detoxen har det vore null problem å slutte med sukker igjen etter ein sukkerholdig periode, typisk mai og desember. Eg har vore lenger periodar utan sukker etter detoxen, men har ikkje hatt dei samme reaksjonane som eg hadde første gongen. Eg fekk ein falsk søt smak i munnen, hadde abstinenser osv.

Change 9

Eg kjem også til å ta ein runde med change 9. Og å halde fram med f15-programmet. Men det treng ikkje du gjere for å vere med på utfordringa. Grunnen til at eg velger c9 og f15 er at då får eg ferdige program, både med mat og trening. Eg har teke c9 fleire gonger, og elskar det! Følelsen eg får i kroppen kunne eg ønskt meg for alltid. Men eg veit jo det at eg ikkje kan leve på programmet. Men eg får ein kickstart på helse- og energinivå. Denne gongen møter eg c9 med viten om mine eigne intoleranser, slik at eg kan ta hensyn til dei når eg går over til normalen igjen. Viss du vil prøve c9 og f15-pakkane, så send meg ei melding, så bestiller eg til deg.

Eg tok ein hårprøve og fekk tilbake rapport om blant anna kva matvarer eg reagerer på og kva vitaminer og mineraler eg har mangel på. Eg har nesten vore tre veker på «diett», og merkar det godt på blant anna søvn og at eg er bedre av den kroniske forkjølinga mi som har fulgt meg i heile 2020. Eg unngår t.d. poteter, havregryn, rugmjøl, olivenolje og tilsaman 16 forskjellige matvarer. Men mjølk, kveitemjøl og alle ting «alle» ikkje tåler, det er eg ikkje intolerant mot. Ja, ja. Det går heilt fint, familien vart super-happy over at eg ikkje tåler havregryn, for det pleier eg blande inn i ALT, til deira store frustrasjon.

Eit tips er å gå på skattejakt i grønsaksdisken, der har eg oppdaga masse spennande!

Bli med!

Klem,
Gudrun

Er du klar til 1. juni?

Eg tek eit kurs no, som heiter Search inside yourself. Eg er blant dei første i Norge som får ta dette kurset, og det er eit kjempe spennande kurs. Fordi eg er ein del av Diameta-familien og Go´nok– fekk eg vere med som prøvekanin for Bente Kristensen og kurset. Og eg angra ikkje!

Det var dette kurset som gav den første grunnpilaren i Sjef i 30: Meditasjon kvar dag. Eg har, både gjennom Diameta og andre plassar, lært at meditasjon er bra, og innimellom får eg det inn, men så sklir det ut igjen. Derfor tok eg med meg lærdommen frå IronMind og fann ut at no skal eg prøve å sette det meir i system. No skal eg inngå ei avtale med meg sjølv, og de andre deltakarane, at i juni skal eg meditere 5-10 minuttar kvar dag. Eg kjem til å legge ut forslag til meditasjoner og ta opp nokre lydfiler som eg deler i gruppa.

Fordeler med meditasjon

  1. Reduserer stress!
  2. Forbedrer konsentrasjonen.
  3. Motvirkar søvnproblem.
  4. Senker blodtrykket.
  5. Aukar immunforsvaret.

Det er mange fordeler med meditasjon. Eg såg ein film i forbindelse med kurset til Bente, eit amerikansk nyheitsanker snakka om meditasjon som ein ting som kom til å verte stort innan helse. Viss du hadde snakka om jogging på 40-talet, hadde dei spurt kven som jaga deg, og sjå på jogging no.

To opplevelser

Eg har to store opplevelser i forbindelse med meditasjon. Den første var når eg skulle opp til muntleg eksamen i ein 15 studiepoengs kurs om IKT i pedagogisk arbeid. Eg hadde førebudd meg skikkeleg godt, og før eg reiste ned på Høgskulen for å ta eksamen, sette eg meg og mediterte på ein stol. Eg fulgte berre ein meditasjon eg hadde opptak av, men fekk min første og einaste A på eksamen. Så eg forbinder meditasjon med god prestasjon.

Den andre var ein meditasjon me hadde på trening, det var like før gradering (taekwondo) og ein av svartbelta våre tok oss gjennom ein meditasjon. Det største med den, var at svartbeltet var ein ung gut på 16 år, som tok ca 50 utøvarar mellom 11 og 60 gjennom ein meditasjon. Han var 16 år! Så derfor forbinder eg meditasjon med tryggheit og styrke.

Bli med!

Bli med på utfordringa;


Seks grunnpilarar

  • Meditere 5-10 minuttar kvar dag
  • Ete sunt
  • Aktiv i 30: trene i minimum 30 minuttar kvar dag; gå tur, jogge, styrke e.l.
  • Skrive dagbok. Ikkje «vanleg» dagbok, men spørsmålbassert.
  • Jobbe med ei avhengigheit. Få kontroll over avhengigheita. Me er alle avhengig av eit eller anna. No skal me ta kontroll.

Dei som følgde meg gjennom IronMind60, ser at eg ikkje har valgt samme grunnpilarene som Rob Dial;

  • Kald dusj kvar dag
  • Dagbok
  • Diet kvar dag
  • Null alkohol
  • Visualisere kvar dag
  • Trene i 30, helst 45, minuttar

Det var ei meining bak alle pilarane til Rob, men det er ganske hardcore, og eg trur mine er enklare å få med folk på. Det vert ikkje noko straff dersom du ikkje gjennomfører, viss ikkje du velger det sjølv; td. gi ein sum til diabetesforbundet, go´nok, frelsesarmeen eller noko anna. Og om du feiler, så kan du starte på igjen dagen etter. Akkurat denne siste; starte på igjen viss ein feiler, treng eg å implementere. Eg har ein tendens til å skli skikkeleg utpå dersom eg bryter mine eigen reglar.

Korleis du har det - er ditt ansvar.
Korleis du har det, er ditt ansvar.

Eg fekk spørsmål om om det var påkrevd å skrive dagbok. Det er ikkje noko som er påkrevd, du bestemmer sjølv. Viss dagbok ikkje er di greie, så kan du bytte det ut med noko anna, eller kutte det ut. Men dagbok, eller journaling, vart eg virkelig glad i gjennom IronMind60. Det er ein flott måte å verte kjend med seg sjølv på. Eg skal skrive meir om dei forskjellige grunnpilarane seinare.

Gleder meg! Og håpar du vert med <3

Klem

Gudrun

Sjef i 30

Eg starta 2020 med IronMind-utfordringa, du kan lese om grunnpilarene her.

Eg fann ut at eg funkar bra på Challenge. Faste reglar og rammer er bra for mi fullføring. Ein annan ting som hjelper på fullføringa, er fellesskap.

Derfor har eg laga meg, og deg, ein mini-utfordring, juni-utfordringa, der eg skal følgje desse fem grunnpilarane;

fem grunnpilarar

  1. Meditere kvar dag. 5-10 minuttar kvar dag.
  2. Ete mat som er bra. Eg skal følgje Forever Living sine Change 9 og F15- program, fordi det er enklare for meg å ha eit ferdig opplegg. Det er ikkje avgjerande for utfordringa at du brukar desse programma, eg velger dei for å forenkle opplegget for meg sjølv. Du kan bestemme sjølv kva mat du vil ete, men; «Du veit kva du bør ete – et det!» Eg tok ein hårprøve i vår, og fekk svar tilbake at eg hadde 16 matvarer eg var intolerant mot. Dette tek eg òg med meg inn i utfordringa.
  3. Minimum 30 minuttar aktivitet kvar dag. Gå tur, jogge, styrketrening, taekwondo. Få opp pulsen i minimum 30 minuttar. Igjen kjem eg til å følgje F15 sitt treningsprogram. Fordi eg då får ferdige styrke- og treningsprogram til faste dagar. Viss eg ikkje har det, velger eg ofte å gå eller jogge ein tur. Men no skal eg verte sterkare og følgje programmet dag for dag. Med unnatak av kviledagane, på desse skal eg gå tur. Det er ikkje avgjerande korleis du velger å trene, men du må bevege deg i minimum 30 minuttar kvar dag. Dersom du i utgangspunktet ikkje er så aktiv, så anbefaler eg deg å starte med å gå.
  4. Skrive dagbok kvar dag. Dagbok er ein flott måte å verte kjent med seg sjølv på og på ein slike utfordring, er det spennande å sjå tilbake på og dokumentere endringa.
  5. Jobbe med ei avhengigheit. Det kan vere sukker, Netflix, karbohydratar. Det du vil ta kontroll over. Eg skal jobbe med to avhengigheiter. Den eine er telefon-avhengigheita, den har eg jobba med sidan IronMind, men så kom korona, liksom. Den andre – for dei som kjenner meg; Ja, det er sant!! – er kaffi! Eg skal sjølvsagt ikkje slutte å drikke kaffi, men eg skal begrense det.
Korleis du har det - er ditt ansvar.
Korleis du har det, er ditt ansvar.

forpliktelse

Høyres det spennande ut? Vil du bli med? Eg har laga ei gruppe på Facebook, der me kan følgje kvarandre. Det er heilt gratis å verte med, men viss du vil følgje Forever Living sine program, må du kjøpe dei gjennom meg. (Bestillingsfrist er 20. mai!)

Viss du melder deg inn – forpliktar du deg til grunnpilarane. Det er ikkje lov å selge noko, eller promotere noko, i gruppa dersom det ikkje er avtalt med meg på førehand. Dersom du har alvorlege ting du bør jobbe deg gjennom, så anbefaler eg at du søkjer hjelp til det, dette er ikkje behandling.

Dette handlar om å ta kontroll over deg sjølv og livet ditt.

I gruppa vert det skravletrådar, eg deler meditasjoner, treningstips osv. Vil du vere sjefen i 30 dagar? Bli med <3

klem,

Gudrun

Eit magisk ord!

Eg rydda i papira mine, er det ikkje det me gjer no om dagen? Og eg fann att notater frå eit kurs eg var på, MOT som universalverktøy 24/7 med Stein Bratseth.

Han snakka blant anna om at du skulle lære ungane eit magisk ord. Men eg tenkjer som slik at det er slett ikkje berre ungane som treng dette ordet.

Dette har eg aldri prøvd før, så det klarer eg sikkert!

– Pippi Langstrømpe

Det er nemleg ikkje alle som tenkjer slik som Pippi når dei skal lære noko nytt. Mange av oss tenkjer at «Dette får eg ikkje til!» Og det er her det magiske ordet kjem inn; ENDÅ. Viss du legg til ordet endå, så vert setninga: «Dette får eg ikkje til, endå.»

Du opnar opp for at du vil få det til seinare, når du har øvd deg litt meir.

Anten du trur du får det til eller ikkje, har du som regel rett.

– Henry Ford

Du kan klare mykje med trua. Og ved å prøve og øve. For kvar gong du begynner, er det større sannsynlegheit for at du skal lukkast.

Ein master har feila fleire gonger enn nybyrjaren har prøvd.

Vil du mere med på dette? Lære deg å bruke ordet endå? Viss ungen din seier; «Eg får ikkje dette til!!» så svarer du automatisk «Du får ikkje dette til, endå.» Viss din første tanke (les meir her) seier; «Dette kan eg ikkje!» så automatiser den andre tanken din til å svare; «Dette kan eg ikkje endå!»

Eg har forresten laga ei gruppe på Facebook til bloggen. Ikkje heilt sikker på korleis ho vert endå, men du er velkommen innom. Ein måte å vere sosial på no i denne rare tida.

Klem,

Gudrun

Den finaste måten å sjå livet på.

Korona har sett heile samfunnet vårt i ein spesiell situasjon.

No sit heile Norge heime, i korona-ferie. Alle foreldre er heime med sine små håpefulle. Og det kan vere utfordrande, skikkeleg utfordrande.

Korleis du har det - er ditt ansvar.
Korleis du har det, er ditt ansvar.

Men i går snakka eg med ein far, som sa noko so fint at eg vart nesten heilt rørt. Han er far til ein treåring. Og barnehagen er stengt. Det kan vere skikkeleg utfordrande.

Me må no berre nyte denne ekstra tiden me får saman med han. Dette hadde me jo ikkje fått utan korona.

Han var takknemleg for å få vere saman med ungen sin, få vere ordentleg saman med han. Slik skikkeleg tid saman, har me jo berre med ungane når me er heime i permisjon. Eller i nokre korte veker om sommaren.

Du kan sjå på livet på to måtar

Du kan velge frykt eller kjærlegheit. Han kunne ha tykt synd i seg sjølv, jobben vart problematisk, heimekontor med ein treåring er ikkje optimalt, kanskje han mister inntekt på ekstrajobber, livet er usikkert, ein bekymrer seg for seg sjølv, for andre, for korona.

Men han valgte takknemlegheit, han var takknemleg for å ekstra tid saman med ungen sin, mens han var liten. Dei veks opp så fort. Frå dei er eit år, går dei i barnehage 5 dagar i veka, 8 timar for dagen. Og no fekk han vere saman med han 7 dagar i veka, 24 timar i døgnet. Og det tykte han var fint!

Leit etter det som er bra

Eg veit jo ikkje om han har teke eit bevisst valg; Kva bra kan eg trekkje ut av denne situasjonen? Men eg anbefaler deg å gjere det.

Eg innrømmer det – eg har sove dårleg denne perioden. Eg har slik fancy klokke som fortel meg det, i tillegg til at eg veit det, fordi eg ligg vaken og ventar på at det skal verte morgon.

Eg bekymrer meg for korona. Eg har hatt VG-app på telefonen min, men forrige veke lasta eg ned Dagbladet og Aftenposten i tillegg. Dagbladet hadde eit val om varsel, «Korona», og eg takka ja til det. Og gu´bedre kor det peip. I helga trykka eg vekk att varselet. I går sette eg appgrense på dei tre avisene, 15 minutt kvar dag. Eg måtte gjere noko, eg brukte alt for mykje tid til å lese om korona.

Eg la merke til det når eg gjekk tur med mannen min i går, eg snakka om korona. Han snakka om å pusse opp tunet vårt. So mykje bedre det var for meg å snakke om tunet vårt i staden for korona.

Bli bevisst på kva du sjølv tenkjer.

Ved å identifisere kva du tenkjer på, kan du gjere noko med det. Det er ikkje sikkert at du har tenkt over dette, mange gjer ikkje det. Det er ikkje alltid godt å vite om du tenkjer positivt eller negativt. Eit tips kan vere korleis du føler deg. Viss du føler deg bekymra, ja, då tenkjer du nok bekymra tankar. Føler du deg sint? Føler du deg takknemleg? Føler du deg redd?

Her er eit innlegg eg skreiv om bekymring. Det er frå tre år sidan, då eg i tankane avlyste konfirmasjonen. Me gjennomførte konfirmasjonen for tre år sidan, i år derimot, skulle me òg hatt konfirmasjon i mai, men denne konfirmasjonen er utsett. Takka vera vår felles, usynlege fiende.

Ta vare på kvarandre! Og forresten – eg har dopapir! Eller får snart, sidan jenta mi har «dopapir-dugnad».

Følg gjerne bloggen på Facebook.

Klem,

Gudrun

Så kvifor bekymrar du deg då?

Bekymring – det trur eg me alle har kjent på no desse siste dagane.

Då eg tok Diameta-utdanninga i 2016, så møtte eg denne youtube-videoen for første gong.

Enkelt sagt så skal du late vere å bekymre deg, for bekymring tjener deg ikkje noko positivt.

Men korleis skal me hugse på dette i kvardagen? Eg vil tru mange er bekymra for tida, eg går også rundt med rare tankar. Fordi eg ikkje veit.

Fordi du ikkje veit

Det er derfor me er bekymra. Det er så mykje som skjer for tida, som me ikkje har kontroll over.

Den andre tanken

Den første tanken vår, skjer automatisk, ubevisst. Den er utanfor din kontroll, MEN den tanken du tenker etterpå, den kan du ta grep om. Eg har merka det godt i det siste, etter at eg lærte dette om den andre tanken.

Dømmande tankar – eg likar ikkje å dømme andre, men eg gjer det ofte, med min første tanke. Eg dømmer dei som hamstrer, eg dømmer dei som ikkje gjer det. Og det går ofte på tvers av mine eigne verdiar.

Lage ein plan

Eg skal lage meg ein plan, for å knuse mi eiga bekymring. Når eg høyrer ordet Corona, er mine første tankar bekymring. Eg skal erstatte desse med min neste tanke, som er bevisst, når eg høyrer Corona skal eg tenkje solidaritet, dugnad, samhold.

Gjer det du òg! Ja, eg veit dette er skummelt, eg tykkjer det er skummelt òg. Men eg nektar å kaste vekk denne tiden, desse vekene i mars der det er unntakstilstand, med å bekymre meg. Eg skal gjere dette til noko positivt!

Sjå videoen ein gong til, og bli med meg på denne bekymringsdugnaden!

Viser til dette gamle innlegget. Eit av dei første eg skreiv på denne bloggen.

Ta vare på kvarandre i denne merkelige tida!

Klem,

Gudrun

Verktøy – skrive dagbok

Eg har skrive dagbok kvar dag i heile 2020, dvs at eg har skrive kvar dag i 65 dagar. Eg starta året med ein «60 day challenge», der ein av grunnpilarene i utfordringa var å skrive dagbok, eller journaling.

Eg trudde eg kjende meg sjølv til eg begynte å skrive dagbok.

Eg skriv ikkje dagbok av typen evaluering av dagen i dag-dagbok. Eg startar dagen med å stille spørsmål som eg svarer på. Og eg har gravd og eg har gravd. Og lært utruleg mykje om meg sjølv desse månadane.

Med journaling lærer du kven du er og kven du vil vere.

Korleis du har det - er ditt ansvar.
Korleis du har det, er ditt ansvar.

Døme på spørsmål

  • Kva ønskjer eg – t.d. i familien min, på bankkontoen min, med helsa mi osv…
  • Korleis feiler eg vanlegvis? Måla mine.
  • Korleis kan eg gjere dette enklare for meg sjølv?
  • Kva gjer meg forbanna? Kvifor?
  • Kva gjer meg krenka? Kvifor?
  • Kva er mine sanningar? Kvifor?
  • Kva gjer deg sint? Kvifor?
  • Kva gjer deg glad? Kvifor?
  • Kva gjer deg lei deg? Kvifor?
  • Korleis ser min perfekte dag ut?

Hjernen – din eigen google

Spørsmål er måten å få svar på, hjernen din vil svare på spørsmåla for å «redde» deg, sleppe å tenkje på det, bekymre seg. Så når du spør, leiter hjernen etter svaret, slik at du slepp bruke meir energi på det. Hjernen likar ikkje ubesvarte spørsmål.

Grav vidare.

Ein annan ting eg har lært no i januar og februar, er at du må grave – djupt. For kvart spørsmål, går eg vidare nedover, med å spørje kvifor. Eller kven, kva, når, kor eller korleis.

T.d. for å finne mitt kvifor, så stiller eg spørsmålet; T.d. Kvifor vil eg ete sunn mat? Svarer på det, og spør; Kvifor? Svarer på det, og spør; Kvifor? Sju lag ned øver eg meg på å gå på mitt kvifor.

Eg greier ikkje alltid å svare på alle kven, kva, kvifor, når, kor eller korleis, men det er nyttige hjelpemiddel til å komme litt på djupna. Eg har vorte bevisst på mange ting frå dei mest sårbare åra, eller rettare sagt, vorte oppmerksom på kva som er dei sårbare åra, det har dukka opptatt mange episoder som har sett sine spor, sjølv om det er over 30 år sidan det skjedde.

Så små bagatellar som påvirker meg 35 år seinare.

Eit døme frå 5. klasse; Eg hugsar kva pult eg sat på i klasserommet, og at det var klasserommet mot gamleheimen, og eg hugsar kven eg sat vedsidan av. Eg hugsar kva lærar me hadde. Og eg hugsar kva som skjedde. Eg sat midt i klasserommet, det var tre rekker og me sat to og to.

Og på rekka mot vindauga starta ein lapp, ein lapp som gjekk gjennom heile klasserommet, men hoppa over våre pulter. Det var nok i siste time, for når me skulle gå til bussen, demonstrerte antakelig ho som starta lappen, kva den dreia seg om. Og eg kjente jo igjen mine eigen handlingar. Ho snakka altså ikkje til meg, det gjorde ho nemleg aldri, men ho snakka til nokon andre i klassen. Og det ho demonstrerte var at eg sat med beina i kryss og gjespa mens eg førte handa mot munnen, men med handflata og ikkje handbaken. (Om du hugsar episoden, så versågod! Du kan godt få vite at du var ei B…h på barne- og ungdomsskulen. Og at det framleis irriterer meg etter 35 år)

Ta vare på dei sårbare ungdommane våre

Eg har henta framatt fleire andre episoder, som eg ikkje skal gå nærmare inn på i dag iallfall, men har virkelig fått praktisert tilgivelse desse dagane.

Det som skremmer meg litt, er kor små ubetydelege episoder har påvirka korleis eg har det, korleis eg tenkjer. Eg har jobba med meg sjølv og eigen sjølvfølelse i mange år, og hjelper òg andre til å få gode verktøy til å jobbe med sin sjølvfølelse som kurshaldar for Diameta. Det er ganske fint, for kvar gong eg held kurs, så lærer eg noko sjølv, anten frå kursstoffet eller frå deltakarane.

For fleire postar, les her eller her.

Har du lyst til å prøve?

Når på døgnet vart me anbefalt å skrive? Vanlegvis forbinder eg dagbok med ein kveldsaktivitet, men me vart anbefalt å skrive dagbok på morgonen, før jobben og dagens aktivitetar hadde påvirka hjernen vår. Så, kvar morgon sit eg 10-20 minuttar og skriv i dagboka mi. Akkurat no fokuserer eg på korleis eg vil at livet mitt skal sjå ut, kva som er viktig for meg. Inspirert av Kurt Wallander på Netflix ønskjer eg meg no eit hus med havutsikt. Men då altså kun som feriebustad, eg er alt for knytta til Lauvhaugen min, så heimen min er her eg bur no.

Takk for at du gidd lese, kommenter gjerne, og del gjerne vidare.

Klem, Gudrun

Kjenner du den vesle stemma?

Kvifor vil nokon dusje i kaldt vatn frivillig?

Nokon av dykk har sikkert fått med seg at eg deltek på ein challenge, eller utfordring om du vil. Det er seks grunnpilarer som gjeld kvar dag;

  • Dusje i kaldt vatn
  • Trene
  • Ete sunt
  • Visualisere
  • Null alkohol
  • Skrive dagbok

Kvifor?

Når eg forteller folk om dette, så er det ein ting dei fleste reagerer på;

Kvifor dusje i kaldt vatn??

Her skal du få forklaringa: Det er fordi eg skal lære meg å ta kontroll over «den vesle stemma«. Du veit, den stemma som stoppar deg, som seier; Ikkje gjer det, du kan heller gjere det i morgo, eller du treng egentlig ikkje gjere dette i det heile tatt.

Det er den stemma som stoppar deg kvar gong! Som hindrar deg i å gjere det du egentlig vil!

Eg har vorte bevisst på den vesle stemma no under IronMind60-challengen. Har ikkje tenkt så mykje over det tidlegare. Men ho er aktiv når eg et sjokolade; «No har du teke ein bit, du kan like godt ete resten av 200 g plata!» eller «Nei, i dag treng du ikkje trene, du fortjener å ligge på sofaen, veit du!»

Det er mitt liv, det er no eller aldri!

Vel, denne stemma skal me altså då få kontroll over. For ingen har lyst til å dusje i kaldt vatn kvar dag! Absolutt ingen! Men det er her eg no lærer å ta kontroll over stemma. Fordi; JO! Eg skal dusje i kaldt vatn! Og eg skal dusje til HEILE It´s my life! Og vatnet skal vere kaldt fra starten av. Eg har valgt songen sjølv, men er godt fornøyd med valet. Det er mitt liv, det er no eller aldri! Makan til passande tekst! Men beklagar Jon, eg kjem til å forbinde It´s my life med kaldt vatn resten av livet!

Sjå HER for eit innlegg om den innvendige skravlebøtta.

No lurer eg på, er DU bevisst på den vesle stemma? Har du lagt merke til kor ho stoppar deg? Eg seier ikkje at du må begynne å dusje i kaldt vatn for å ta kontroll over ho, men det er lurt av deg å begynne å legge merke til ho. Kva er det ho seier til deg?

Som vanleg – del viss du trur nokon andre kan ha nytte av å lese dette. Skriv gjerne i kommentarfeltet viss du er enig eller uenig.

Ønskjer deg ein strålande kveld <3

Klem, Gudrun.