Har du vorte avvist nokon gong?

Å bli avvist – eg skreiv om dette temaet på samlingsboksen for fire-fem år sidan, men ein god ting kan ikkje seiast mange nok gonger. Det handlar om kor me har fokuset vårt. Kva me legg merke til.

Londonturen – ei oppleving for livet.

Eg var i London, på Experts Academy med Brendon Burchard i jaunar 2014. Ein svært fornuftig mann. Ein av dei tinga han sa, var at me ikkje skulle vere redde for å ta kontakt med folk. Å be om ting, eller tilby noko. Me skulle ikkje vere så redde for å bli avvist. Grunnen til at me var redde for å bli avvist, stamma ofte frå ein tosk som hadde såra eller avvist oss ein gong. Me sat 500 mennesker i salen, og han gjorde ein liten demonstrasjon med oss, på kor dårleg matte det var å late dette styre oss.

Ikkje ver redd for å bli avvist.

Han byrja med å få dei som kunne navngi ein som hadde avvist, så det sette spor, om å reise seg. Noko sjølvsagt alle gjorde, så gjekk han oppover, han stoppa på 20. Då reiste tre i salen seg. Så tok han det omvendt. Alle som kunne navngi ein som hadde vore grei, skulle reise seg. Alle reiste seg på 500 og 1000… (Me var jo 500 greie folk i salen, og eg snakka med dei fleste av dei… På engelsk ja, og gav dei mine innerste tankar.) Viss du hadde 500-1000 til å «cover your back», så kunne du ta dei med deg og storme dei 20 som hadde avvist deg.

Det er meir sannsynleg at du møter nokon som er grei.

Og det er jammen sant. Jadå, du kan treffe på ein tosk, viss du strekker ut handa og ber om noko, eller tilbyr noko, men sansynlegheita for at det er ein grei person er mykje større.

Tenk på det!

gylne regel

Ein ting som er litt merkeleg, eg har jo sjølvsagt min del av tullingar som har vore ugreie. Men dei fleste stammar frå før eg var 18. Kvifor er det slik då? Treffer me fleire dritstøvlar i barne- og ungdomsåra? Eller har eg vorte tryggare på og i meg sjølv? Slik at eg ikkje let meg påvirke i like stor grad lenger? Eg skulle ønskje at alle barn og ungdomar fekk lære seg verktøy for å styrke og oppretthalde ein god sjølvfølelse. For at dei skal kunne takla motgangen på ein god måte. Motgang kjem alltid, men me kan forandre måten me taklar det på. Og  kor me har fokuset; vil me ha fokuset på dei tre tullingane som avviste oss, eller på dei 1000 greie me har møtt?

Del gjerne bloggen vidare til andre som treng lese det <3

-Gudrun-

Lær verktøy for å bli venn med deg sjølv.

Eg har sagt det før, men ein god ting kan ikkje seiast for ofte:

Har du tenkt på korleis du snakkar til deg sjølv? Viss eg hadde sagt dei samme tinga til deg, ville du vore venn med meg då? Kven er den viktigaste personen å snakke fint til, egentleg?

Eg jobbar som Diameta-kurshaldar. Diameta er ein total-levrandør for kurs i god sjølvfølelse, me har kurs for alle aldrar. Me har fleire typar kurs, men hovudkurset vårt er eit seks timars kurs, der me går gjennom 13 kurs modular, og kursdeltakarane får mange gode verktøy til si usynlege verktøykasse.

Anten har du det eller ikkje, eller…?

Det er ikkje slik at du har, eller ikkje har, god sjølvfølelse. Og viss du først har fått god sjølvfølelse, så har du det for resten av livet. God sjølvfølelse er ei fersk vare, du må trene den gode sjølvfølelsen din slik du trenar styrketrening. Du vert ikkje verdens mestar i vektløfting av å løfte vekter ein gong. Samme som du ikkje får god sjølvfølelse utan at du trenar og held den ved like.

Det er her Diameta sine kurs kjem inn. Du får lære deg korleis du kan trene sjølvfølelse-muskelen på ein god måte. Du får verktøy som du kan bruke resten av livet. Men som alt anna – du må gjere jobben sjølv, men du får hjelpemidla til å bruke, når du vil – kor du vil.

Kva seier deltakarar?

Her er tilbakemeldingar frå kursdeltakarar. Les meir på www.diameta.no

«….Vi er veldig glad for at William deltok på kurset, og vil helt sikkert vurdere nye kurs hos Diameta i fremtiden…..» Kristin

«…Jeg syntes kurset var veldig bra for barn. Man lærer seg at man kan faktisk ha det bra…» Silje, 11 år

«…Jeg hadde god nytte av kurset, og bruker spesielt avslappingsøvelsen hvis jeg sliter med å sovne..:» Henrik, 12 år

«Jeg har lært av min datter hva jeg kan gjøre hvis jeg blir stressa og hva jeg kan gjøre for å konsentrere meg bedre..» Mor til barn på kurs

”Barnet mitt har fått med seg veldig mange gode verktøy og jeg ser han har blitt en gladere og mer empatisk gutt..” Mor til barn 7 år

«Alle hadde hatt godt av å lære om disse verktøyene…» Jente 13 år

«Jeg skulle ønske alle i klassen min og på idrettslaget mitt hadde gått på kurs, da hadde vi hatt det mye bedre sammen…» Jente 11 år

«Dette kurset er annerledes enn andre kurs jeg har gått på. Det er fordi dette handler jo om meg…» Gutt 13 år

«Det er godt å vite at jeg er god nok akkurat som jeg er…» Gutt 11 år

Dette skulle eg lært som barn

Eg måtte bli vaksen før eg skjønte at alt det tullet eg dreiv og sa til meg sjølv, slett ikkje var sant. Eg lærte om sjølvbilde, sjølvfølelse og sjølvtillit då eg gjekk på lærarskulen. Men mitt første møte med sjølvfølelse, slik på ordentleg, var gjennom Mia Törnblom si bok «Selvfølelse nå!» Då eg las boka, fekk eg skikkeleg augene opp for kva sjølvfølelse er, og kor viktig det er at ein snakkar skikkeleg til seg sjølv. Eg trur mange av oss ikkje tenkjer over korleis me snakkar til oss sjølve.  Me snakkar oss sjølve ned. Dersom nokon snakka til oss på samme måte, hadde me aldri snakka til vedkommande igjen. Det er viktig å snakke fint til dei i familien, og til vennene dine, men det er aller viktigast å snakke fint til deg sjølv.  For deg sjølv er den einaste du alltid må vere saman med.

No har eg hatt ein del Diameta-kurs, og eg lærer noko nytt kvar gong. Eg har sett opp fire kurs no i vår, eit for kvar aldersgruppe. Det er kjempe moro å halde for forskjellege aldrar, og det utfordrar meg, slik at eg ikkje går på autopilot.

13 modular

Kurset er delt inn i 13 modular, med mange fine verktøy og teknikkar. Det er over 100 kurshaldarar fordelt over heile landet.

Vi jobber med å lære barn, ungdom, foreldre, voksne, og ansatte i skoler og barnehager gode og enkle verktøy for å opprettholde og styrke selvfølelsen og ha en god mental helse. Vi er svært opptatt av forebygging og at hele støtteapparatet rundt et barn skal inneha kunnskap om hvordan bygge god selvfølelse og støtte oppunder en god psykisk helse. Alle mennesker vil på et eller annet tidspunkt møte utfordringer i sin hverdag og nettopp derfor er det viktig at alle har verktøy som er konkrete og enkle å ta i bruk. Dette kan dreie seg om hvordan: få venner, føle trygghet, kommunisere med andre på en god måte, takle press og stress, ha gode søvnrutiner, løse konflikter, redusere mobbing i skolen, mestre sinne eller andre følelser, spise sunt, få bedre motivasjon, bruke selvhjelps teknikker ved behov, være trygg på seg selv, tenke og føle at jeg er god nok som den jeg er, kjenne mestring i forhold til hva som er viktig for den enkelte og hvordan stole på seg selv. (www.diameta.no)

Kva med deg?

Har du nokon gode tips til korleis å jobbe med sjølvfølelse? Noko du vil dele med oss andre? Eg kan dele eit tips slik heilt på tampen; Tenk på kva du ønskjer, istaden for på kva du ikkje vil ha. Ønskjer deg ein sterk, trygg og god sjølvfølelse. Eg hjelper deg gjerne viss du vil.

Og eit tips til sjølvtilliten på tampen; sjekk ut VIP jentekvelder og Synnøve Sorthe.

Klem,
Gudrun

Kvardagsgledar – ein som spreier glede.

I dag møtte eg ein kvardagsgledar.

Eg gjekk inn i helga ganske utslitt etter to vakter på 17,5 time med 6,5 time mellom, dvs to kveldsvakter og to nattevakter på to dagar. Eg kom heim rundt kl 10 i dag tidleg, gjekk rett i dusjen og så til sengs. Der vart eg i tre timar. Stod opp, krasja framfor tv’en med kaffikoppen ein time før gutane kom frå skulen. Så samla eg alle kreftene eg hadde for å komme meg på trening.

Eg har tae kwondo-trening to gonger i veka, og fredagstreninga krasjar ofte med jobb eller lat-marken, viss eg har hatt 35 timars vakt, slik som i dag.

Vel, vel, eg parkerte bilen eit lite stykke frå treningshallen, og på veg opp til trening møtte eg altså denne kvardagsgledaren.

Så enkelt og så virkningsfullt.

På vegen opp møtte eg ei mamma, ein storebror og ein veslebror. Eg kjenner dei, og helste og slo av ein liten prat. Veslebroren åt på ein kvikk lunsj, og eg sa at «Du er jammen heldig!» Så tek mammaen, kvardagsgledaren, fram ein Kvikk lunsj til meg òg. «Ver så god! Og kos deg, det er jo helg!» sa ho.

Og eg reiste vidare på trening med eit smil om munnen og glede i hjarta.

Eg har noko å lære.

Det er jo så enkelt å spreie glede, og det er jo så lite som skal til. Det er ikkje sikkert at kvardagsgledaren min tenkte noko over det eingong. Ho hadde kjøpt mange sjokoladar, og ville dele, sidan eg kommenterte det til minste guten. Men for meg var det eit lyspunkt.

Hugsar du på dette? Eg mistenkter at det er ein refleks for mammaen eg møtte i dag, at det liksom ligg i ryggmargen hennar, ho er ein kvardagsgledar heile tida. Eg veit at eg er god på å gi folk eit smil, og veit at det også kan vere med å løfte dagen til mottakaren, men å gi ein sjokolade til nokon eg går forbi pleier eg ikkje å gjere.

Eg har skrive om å løfte dagen for andre tidlegare. Les gjerne det òg.

Å løfte dagen.

La oss gå saman og gjere verden til ein snillare plass <3 Bli ein kvardagsgledar du òg.

Klem,
Gudrun.