Den finaste måten å sjå livet på.

Korona har sett heile samfunnet vårt i ein spesiell situasjon.

No sit heile Norge heime, i korona-ferie. Alle foreldre er heime med sine små håpefulle. Og det kan vere utfordrande, skikkeleg utfordrande.

Korleis du har det - er ditt ansvar.
Korleis du har det, er ditt ansvar.

Men i går snakka eg med ein far, som sa noko so fint at eg vart nesten heilt rørt. Han er far til ein treåring. Og barnehagen er stengt. Det kan vere skikkeleg utfordrande.

Me må no berre nyte denne ekstra tiden me får saman med han. Dette hadde me jo ikkje fått utan korona.

Han var takknemleg for å få vere saman med ungen sin, få vere ordentleg saman med han. Slik skikkeleg tid saman, har me jo berre med ungane når me er heime i permisjon. Eller i nokre korte veker om sommaren.

Du kan sjå på livet på to måtar

Du kan velge frykt eller kjærlegheit. Han kunne ha tykt synd i seg sjølv, jobben vart problematisk, heimekontor med ein treåring er ikkje optimalt, kanskje han mister inntekt på ekstrajobber, livet er usikkert, ein bekymrer seg for seg sjølv, for andre, for korona.

Men han valgte takknemlegheit, han var takknemleg for å ekstra tid saman med ungen sin, mens han var liten. Dei veks opp så fort. Frå dei er eit år, går dei i barnehage 5 dagar i veka, 8 timar for dagen. Og no fekk han vere saman med han 7 dagar i veka, 24 timar i døgnet. Og det tykte han var fint!

Leit etter det som er bra

Eg veit jo ikkje om han har teke eit bevisst valg; Kva bra kan eg trekkje ut av denne situasjonen? Men eg anbefaler deg å gjere det.

Eg innrømmer det – eg har sove dårleg denne perioden. Eg har slik fancy klokke som fortel meg det, i tillegg til at eg veit det, fordi eg ligg vaken og ventar på at det skal verte morgon.

Eg bekymrer meg for korona. Eg har hatt VG-app på telefonen min, men forrige veke lasta eg ned Dagbladet og Aftenposten i tillegg. Dagbladet hadde eit val om varsel, «Korona», og eg takka ja til det. Og gu´bedre kor det peip. I helga trykka eg vekk att varselet. I går sette eg appgrense på dei tre avisene, 15 minutt kvar dag. Eg måtte gjere noko, eg brukte alt for mykje tid til å lese om korona.

Eg la merke til det når eg gjekk tur med mannen min i går, eg snakka om korona. Han snakka om å pusse opp tunet vårt. So mykje bedre det var for meg å snakke om tunet vårt i staden for korona.

Bli bevisst på kva du sjølv tenkjer.

Ved å identifisere kva du tenkjer på, kan du gjere noko med det. Det er ikkje sikkert at du har tenkt over dette, mange gjer ikkje det. Det er ikkje alltid godt å vite om du tenkjer positivt eller negativt. Eit tips kan vere korleis du føler deg. Viss du føler deg bekymra, ja, då tenkjer du nok bekymra tankar. Føler du deg sint? Føler du deg takknemleg? Føler du deg redd?

Her er eit innlegg eg skreiv om bekymring. Det er frå tre år sidan, då eg i tankane avlyste konfirmasjonen. Me gjennomførte konfirmasjonen for tre år sidan, i år derimot, skulle me òg hatt konfirmasjon i mai, men denne konfirmasjonen er utsett. Takka vera vår felles, usynlege fiende.

Ta vare på kvarandre! Og forresten – eg har dopapir! Eller får snart, sidan jenta mi har «dopapir-dugnad».

Følg gjerne bloggen på Facebook.

Klem,

Gudrun

Livet mitt er fullt av grusomme hendelsar

…men dei fleste har ikkje skjedd.

Kvifor er det slik at me bekymrar oss for alt mogeleg heile tida? Som her ein dag, eg hadde inni hovudet mitt avbestilt konfirmasjonen og ein barnebursdag, fordi mannen min var død.

Han var ikkje død på ordentleg, men eg trudde at han var det. Han var 1 1/2 time for sein heim frå jobb, og han tok ikkje telefonen når eg ringde. Så ringde han oppatt, etter at eg hadde ringt ca 37 gonger. På spørsmål kva han dreiv på med, svara han som om det var sjølvsagt; «Eg legg stein med Anders.» «Når sa du i frå om det?» sa eg, vel vitande om at han ikkje hadde nemt eit ord.

Men det som er endå rarare, og likevel ganske normalt; Eg vart sint! Han hadde stått opp frå dei døde, og eg vart rasande. Burde eg ikkje heller vorte glad? Eg planlegg jo alderdommen saman med den soppen og var jo glad for at han ikkje var død denne gongen heller.

Saken med bekymring då, er at viss det virkeleg skjer, så får eg det ikkje lettare fordi, det er ikkje slik at; «Flaks, dette er jo akkurat det eg har førebudd meg på!» Sjokket hadde ikkje vorte mindre, sorga hadde ikkje vorte lettare. Tida eg brukar på å sjå føre meg det verste, er rett og slett ganske bortkasta.

Viss du brukar tida di på å frykte ting som kan skje, får du det ganske trist. Eg hadde to grandtanter som budde langt frå meg, dei budde begge på omsorgsbustadar, ved sidan av kvarandre. Me reiste innom på besøk. Ho eine såg veldig mørkt på alt, mens ho andre var eit fyrverkeri, som ville komme og besøke oss, ei reise på 8-8 timar viss trafikken var fin, og ho hadde hatt førarkort. Fyrverkeriet var nok dårlegare enn ho andre, men eg trur likevel ho hadde det bedre. Ho såg positivt på det, lo og fleipa, mens ho andre bekymra seg for alt og alle.

Du kan bestemme det sjølv! Når du legg merke til dei bekymrande tankane, stopp og kast dei i boset. Du treng dei ikkje. Eg tenkte på det, når eg «avlyste» konfirmasjonen inni meg, «No er du teit!» Men så vert det rart likevel.

Du er kanskje på ein mørk plass, men ser du lyset der oppe? Du treng ikkje dei bekymrande tankane dine. Ønskjer deg solskinnsdagar!

(Bildet er teke i ei Gullgruve <3 Eg fann ikkje gull, men det var ganske fint likevel.)

Del gjerne vidare, sjølv om eg no begynte å bekymre meg for at du tykkjer eg ser for enkelt på ting.

Klem

Gudrun