Den viktigaste å smile til

Eg skreiv om smil tidlegare i ein post. No vil eg snakke litt om kven som er den viktigaste å smile til, kven som fortjener smilet ditt mest.

Kven treng smilet ditt aller mest? Viss du har ungar, svarer du kanskje ungane dine? Viss du er ungdom, tenkjer du kanskje at vennene dine er dei viktigaste å smile til? Nokon som slit? Dama i butikken? Kjæresten? Katten?

Mange gode forslag, men den som er viktigast at du smiler til er den du ser i spegelen – deg sjølv!

Det er akkurat som dei oksygenmaskene på flyet, veit du. Du må hjelpe deg sjølv først, før du kan hjelpe andre. Viss du ikkje tykkjer du sjølv er verdt å smile til, så er det det du viser til andre og. Du vert ein bedre forelder, kjærest, kunde i butikken, medmenneske viss du viser deg sjølv litt kjærleik først, smil til speglbildet ditt om morgonen, sei «Hei! Eg er glad i deg! Du er god nok slik som du er!» Som eg skreiv i posten om sjølvfølelse og sjølvtillit, så kan du ikkje ha for mykje god sjølvfølelse, di bedre sjølvfølelsen din er, di bedre er du å vere saman med.

Dette er noko eg må jobbe med sjølv, heile tida. Det er ikkje slik at når eg først har lært det, så kan eg det, slik som med sykling. Dette er som med styrketrening, eg må trene heile tida, for at sjølvfølelsen skal vere sterk og god.

Eg prøver å smile meir til mannen min og ungane våre og altså. Akkurat no smiler eg kanskje litt mindre til alle, for eldste jenta skal snart konfirmerast, og eg er ikkje særleg god å vere saman med når eg stressar…

Men; eg er god nok slik som eg er, eg er nok ikkje perfekt, kven er vel det?

Men god nok, det er eg ❤️

Det er du og.

Kjenner du nokon som treng smile meir til speglbildet sitt? Del vidare innlegget.

Klem

Gudrun

 

 

Smil – det enklaste å gi og beste å få

«Gudrun elskar meg, for ho smiler til meg kvar gong ho ser meg.»

Dette utsagnet frå ei fire år gammal jente, brende seg fast i sinnet mitt. Tenk at eit blikk og eit smil kan bety so mykje. At det at eg held augene fast og smiler til ein unge, gir ungen følelsen av å vere elska. Så enkelt og så viktig.

Tenk så godt for ein firåring, eller 41 åring, å kjenne seg elska i barnehagen. Og alt som trengst er augekontakt og eit hjarteleg smil. Anerkjennelse. Å verte sett i kvardagen.

 

Gudrun elskar meg.

Smil er eit grunnlaggjande følelsesuttrykk. Og vennlegheiten sitt verdensspråk. Tenk deg desse to casane;

Har du møtt folk på butikken, som ser på deg, og lyser opp i eit levande smil? Korleis kjenner du deg då? Eg vert glad, kjenner meg betydningsfull. Øyj, ho vart glad for å sjå meg. Tenk at eit smil betyr så mykje, det kan lyse opp ein dag som har vore ganske grå.

Kva med folk som ser på deg, seier hei, med eit surt og reservert smil? Kva tenkjer du då? Eg tenkjer automatisk; Kvifor hatar du meg? Kva har eg gjort deg? Er ikkje det rart? Eg tek det liksom til meg og skuldar meg sjølv fordi andre smiler litt rart til meg? Det handlar jo sikkert ikkje om meg i det heile teke. Korleis er det med deg, tenkjer du òg slik? Eg jobbar med å «knipse» det av meg. Knipsing er eit verktøy eg lærte meg for mange år sidan. Viss noko plagar deg, «set» det på skuldra di og knips det bak deg.

Men tilbake til dagens agenda; Smil 🙂 

Eg las ein artikkel i «Utdanning»(fagforreningsbladet til Utdanningsforbundet), der ein gut fortalte om ei vanskeleg oppvekst, med særleg utfordrande helgar. Ofte var det tanken på læraren sitt smil på måndag som hjalp han gjennom helga. Læraren vart spurt om det i ettertid, og svara at han ikkje var klar over at han smilte, og at han ikkje eingong var kontaktlæraren til guten.

Læraren hadde altså med ubevisste smil måndagsmorgonane, gitt guten uvurdereleg hjelp gjennom ein vanskeleg barndom.

Ganske mektig å tenkje på, tykkjer eg, at du heilt ubevisst kan bety so mykje for nokon. At smilet nesten betyr forskjell på liv og død.

Verda ville bli ein bedre plass viss me smilte oftare og klemte litt lenger.

Det er veldig enkelt å gi nokon eit smil – så gjer det <3

Klem – og smil – frå Gudrun