Juli nærmar seg med stormskritt i år òg. Og eg lagar som vanleg meir julegodteri enn julekaker. Ein av klassikarane mine, er brente mandlar.
Oppskrifta er som følgjer;
300 g mandlar
150 g sukker
1,5 dl vatn
Litt vaniljepulver
Ein klatt smør, ikkje for mykje!
Ha smør, sukker vatn og vaniljepulver i ein kjele. Kok opp på middels varme, mens du rører heile tida. Kok til vatnet har kokt vekk, då vert det plutseleg kvitt.
![Gudrun Helvik Stenehjem sitt bilete.](https://scontent.fosl2-1.fna.fbcdn.net/v/t1.0-9/48051523_10155616542746431_1655129002576183296_n.jpg?_nc_cat=105&_nc_ht=scontent.fosl2-1.fna&oh=2c4b4f50d39f59eaaa4819bcf7c3c98d&oe=5C66AA9C)
Du er ikkje ferdig, steik vidare til sukkeret har smelta og lagt seg rundt mandlane. Rør heile tida! Ha i ein liten klatt smør, og hell mandlane over på ei steikeplate med bakepapir. Ta dei frå kvarandre med to gaflar, og la dei avkjøle. Oppbevar i tett boks, glas e.l.
![Gudrun Helvik Stenehjem sitt bilete.](https://scontent.fosl2-1.fna.fbcdn.net/v/t1.0-9/47378630_10155616542466431_1831342852076994560_n.jpg?_nc_cat=102&_nc_ht=scontent.fosl2-1.fna&oh=4fe01eb066a2fbf2554d3daeed7c8dab&oe=5CA36B84)
![Gudrun Helvik Stenehjem sitt bilete.](https://scontent.fosl2-1.fna.fbcdn.net/v/t1.0-9/48378405_10155616542266431_5533675369275588608_n.jpg?_nc_cat=106&_nc_ht=scontent.fosl2-1.fna&oh=2f9a2c53018cb3b1d69a2b1f7bd354de&oe=5C659567)
Håpar du har ei fin adventstid. Kva tradisjonar har du?
Førjulsklem frå Gudrun