Kva gale har eg gjort?

Har du nokon gong møtt ei du kjenner, men i staden for å seie hei, så vert du oversett og ignorert?

Då startar tankekøyret med ein gong; Kvifor likar ho ikkje meg? Kva har eg gjort gale? Du begynner med ein gong å leite etter feil hjå deg sjølv.

Eg vart fortalt ein historie. Venninna til ho som fortalte det hadde fått beskjed av svigermora si at ho måtte ringe og spørje kva gale svigermora hadde gjort. Svigermora hadde nemleg møtt denne dama på butikken, og ho helste ikkje. Svigermora var heilt frå seg, for ho visste ikkje kva ho hadde gjort gale. Dama sa til venninna si at ho ikkje hadde vore på butikken den dagen, så svigermora hadde sikkert treft søstra hennar. Så grunnen til at ho ikkje helste hadde jo ikkje noko med svigermora å gjere. Det var berre feil søster, dei kjente ikkje kvarandre, og det var grunnen til at ho ikkje stoppa og slo av ein prat.

Ofte har det ingenting med deg å gjere, anten ser dei deg ikkje, kanskje hovudet er fullt av noko, kanskje er det søstra… det kan vere mange grunnar, og det treng ikkje vere din feil.

Eller så kan det vere nokon som er sur på deg, og vil straffe deg. Då kan du gjere slik som meg, trekke på skuldrane og tenkje;

Viss du ikkje har lyst til å snakke med meg, kva er oddsen for at eg har lyst til å snakke med deg? Prøv heller å tenkje; «Takk og lov for at eg slepp å snakke med ho!» neste gong nokon ignorerer deg, og du veit kvifor.

Eg var på eit føredrag ein gong. Han som held det hadde vore på ferie med familien sin og ein vennefamilie. «Når eg kom heim, hadde eg ikkje behov for å ha noko kontakt med dei. Faktisk gjekk det tre månadar før eg snakka med dei att. Det verste var at dei ikkje tok kontakt med oss på tre månadar heller.»

Det var med andre ord gjensidig. Dei hadde fått overdose på ferieturen og tok ein pause frå kvarandre.

Er du av typen som analyserer framferd på SoMe og? Kvifor har ikkje ho gratulert meg med dagen? Kvifor likar han bilda som ho legg ut, og ikkje mine?

Kvifor gjer du det, egentleg? Får du ein bedre dag av å gjere det? Tvilar på det! Du gir berre den irriterande måddaren inni hovudet ditt meir godis å jobbe med, gir han fleire måtar å trykke deg ned på. Ver heller glad for dei som støttar deg og backar deg opp.

På kurs når eg jobba som barneklær-forhandlar, lærte me at det alltid kom til å vere gjester på visningane som var negative. Men dei skulle me ikkje bry oss så mykje med. Me skulle heller gi oppmerksomheit til dei som var positive, dei negative var ikkje kundane våre likevel. Kvifor bruke tid på å overbevise dei, det var mykje bedre å gi oppmerksomheit til dei som var greie. Eg har skrive om dette temaet tidlegare, les her.

Du har møtt mange fleire folk som støttar deg enn som trykkjer deg ned.

Livet er bedre viss me gir litt meir faen. Den viktigaste å snakke fint med og vere positiv til, er deg sjølv.

Klem,

Gudrun

(Har du muligheit, så anbefalar eg Synnøve Sorthe sine VIP-jentekvelder.)