Velkommen til min nye blogg

Hei og velkommen til min nye blogg. Eg har blogga i fleire år om samlingsstunda i barnehagen, på samlingsboksen, men ville no ha ei ny plattform å dele tankane mine på. Ikkje misforstå, eg er fortsatt lidenskapeleg oppteken av samlingsstunda i barnehagen, men har òg andre interesser, som passar bedre inn her.

Den eine tingen er eg oppteken av, er sjølvfølelse. Ja, det ser eg, tenkjer du kanskje no, sidan du har fullt av bilder av deg sjølv i posten her. Og ja, kanskje det, men bilder av meg sjølv har ikkje så mykje med sjølvfølelsen å gjere. Bilda er tekne av Synnøve Sorthe, som har VIP-jentekvelder og desse jentekveldane er ein boost. Ho får jenter til å føle seg vakre.

Men bilda har meir med å tørre å vere synleg å gjere, tørre å stikke nasen fram. Å poste bilder av meg sjølv, er ein ting eg øver meg på. Og det peiker kanskje tilbake på sjølvfølelsen? Det å føle seg go’nok?

Eg er oppteken av å auke din sjølvfølelse òg, og er sertifisert kurshaldar for www.diameta.no Me er ein stor gjeng kurshaldarar, som held barne-, ungdom- og vaksenkurs i god sjølvfølese og livsmeistring rundt om i heile landet.

Ein annan ting som opptek meg, er trening. Dei som kjenner meg, skogg-ler nok no. Du skjønnar, eg er snart 42 år gammal, og begynte i januar 2017 med organisert trening for første gong i heile mitt 41 årige liv. Og eg klinka til med tae kwondo. Jepp, heilt sant! Og eg har hatt mykje vondt (i musklane) desse månadane! Men saken med tae kwondo, er at det virkeleg let seg forene med styrking av sjølvfølelse. Det er ingen konkurranse, eg konkurrerer kun med meg sjølv. Viss nokon er oppteken av korleis eg gjer det, seier det noko om deira eiga utøving. For i tae kwondo skal du ha fokuset innover. Eg har det kjempe moro, og trenar med folk frå 10 år og oppover. Og ja, eg er i den eldre garden. Og 10 åringane tek oppgåva alvorleg og lærer meg opp etter beste evne. Me står etter rang, og eg er nederst. Dotter mi på snart 15 år, står i andre enden av salen, eller dojangen som det heiter, ho er mykje høgare oppe på rangstigen enn meg. Det er også heilt greit.

Dette kan verte ein blogg om mykje og mangt, alt som eg kalla tankespinn på samlingsboksen. Eg kjem til å snakke om kommunikasjon, om verdiar, kanskje om mat. Mat går på sjølvtilliten min laus akkurat no. Eg har hoppa på surdeigstrenden og bakar mykje murstein for tida…. Eg håper at eg lærer og snart får luftige, fine brød.

Smil skal iallefall få ein post eller 10. Smil er noko av det flottaste me har. Og du veit aldri kva den du smiler til har opplevd nett i dag, kanskje er ditt smil eit lyspunkt i ein beksvart dag.

Mobbing kjem eg nok til å skrive om, eg har aldri vore i mobbar-kategorien, til det har eg for sterke verdiar i botnen. Men om eg ikkje akkurat vart mobba, så vart eg eindel utestengt.

Velkommen til å følgje denne bloggen, håpar den gir deg masse læring og verdi. Og viss noko treffer deg, ver snill å dele vidare, slik at fleire får lese.

Klem

– Gudrun

 

 

 

 

 

Facebook Comments Box

Én kommentar til «Velkommen til min nye blogg»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *